26.12.2012

Romjulsal

Ja, no har eg laga romjulsal i hobbybutikken min. Du finn det her. Men klikkar du på eit av bilda, så er det og link direkte til produktet. Her finn du både gjenbruk, strikking, hekling, hakking og sying.

Ynskjer deg ei fortsatt fin julefeiring :)

19.12.2012

GOD JUL

Takk for eit koseleg bloggår.
Takk til deg som har lagt igjen kommentar.
Takk til deg som føl bloggen min.
Takk og til deg som  tittar innom.
Og takk til alle kreative bloggarar som eg er innom, og som eg får så mykje inspirasjon frå. Det er så kjekt å vera ein del av dette.

De har alle vore med og gjort dette til eit flott bloggår.

Juleklem og julehelsing  frå Bodil :)

13.12.2012

Litt av kvart

Eg er så heldig at eg har vunne endå ein gong her i bloggverda. To premiar på ei veke. Det er stor stas og glede, og eg føler at eg har tjuvstarta litt på jula :)

Alt dette fine vann eg hos Byfrua, og eg ser fram til å ta det i bruk. Tusen takk. Du finn den koselege bloggen hennar her.

Så har eg endeleg fått ferdig to isskrapevottar som har leie halvferdige ei god stund. Dei er alltid populære, spesielt no før jul.

3. søndag i advent nærmar seg, og det skal bli godt med helg.

Takk for at du stakk innom :)


09.12.2012

Kragar til små prinsesser og gevinst

Små prinsesser er og fine med heklakragar. 

Så desse er litt mindre i omkrets.
Dei er hekla i ulike typar bomullsgarn.
Og dei kan brukast med opning både framme og bak.
Og ein i julefarge passar jo godt no til jul.
Så er eg så heldig å ha vunne. Fire søte huer som skal halda egga varme. Og ein flott heklablomst som var pynt på pakken. Tusen takk til deg Anette for flott gevinst. Anette er ganske ny her i bloggverda, så ta deg gjerne ein tur innom den koselege bloggen hennar. Eg hugsar sjølv kor kjekt det var når nokon fann bloggen min då eg starta  blogginga.

Så var det 2. søndag i advent, og jula nærmar seg. Eg er så heldig å få dotter mi heim i morgon. Ho studerer i Australia, og gler seg til å koma heim. Så då blir det høg kosefaktor i heimen :)

Ynskjer deg ein god adventssøndag :)


02.12.2012

Advent og fleire kragar

Adventstida er ei fin ventetid fram mot jul.

Og hekling og advent går godt ilag.

Tre nye kragar i ulike fargar har og sett dagens lys. Denne har ein nydeleg blåfarge.

 
Og juleraud kan jo vera aktuelt i desse tider.
Denne fargen syns eg minner om fargen som kunne vera på kragane i gamle dagar. Syns det er artig at dei er blitt moderne igjen.

Takk for at du kom innom. Ynskjer deg ei fin adventstid :)

24.11.2012

Hekla kragar og gjenbruk av julekuler

Eg ser at det er moderne med hekla kragar igjen, så eg fekk lyst til å prøva meg på det.

Det blei tre ulike mønster, som blei til etter kvart som eg hekla.

Dei kan vel egentleg brukast med opningen både framme og bak.

Eg har ikkje sydd i knapp, for det var vanskeleg å bestemma kven eg ville ha. Det går jo og an å tre i band som ein knyter.

Dette var gøy hekling, så det blir sikkert fleire i ulike fargar framover.

Vil du fornya julekulene dine, kan du hekla rundt dei. Tok av opphenget som var, og hekla luftmasker til det var passeleg langt.

Så kjekt at du stakk innom :) God helg.

18.11.2012

Gjenbruk

Vil du ha ein original og gjenbruksvenleg oppbevaring til korta dine no i julehandelen, er desse ein god ide.

Dei er praktiske, har to rom, og har plass til både kort og sedlar.

Dei blir lukka med ein trykknapp.

Og det er mange sortar å velgja mellom.

Kor lenge dei varer, vil vel avhenga av bruken.

Men kartongane er jo ganske kraftige, så eg vil tru dei held ei god stund.

Kanskje ei original gåve til miljøbevisste.

Eller til den som har alt.

Du vil etter kvart finna dei her.

Takk for koselege kommentarar på gensaren i forrige innlegg :)

Ynskjer deg ein fin søndag :)

10.11.2012

Gensar frå 1990, og isskrapevottar

Då Skappelgensaren begynnte å florera på bloggane, kom eg på at eg hadde ein gensar som kunne minna litt om den.

Eg strikka den i 1990, og brukte den ein del med det same. Så forsvann den inn i skapet.

Veit ikkje kva garn eg har brukt, men det er litt tynt, og den er strikka utan oppskrift.

Den er passeleg vid, og veldig behageleg å gå med.

Så no er den i bruk igjen.

Så måtte det litt påfyll til med isskrapevottar. Dei er populære no før jul.

God helg, og takk for besøket :)

03.11.2012

Nytt antrekk til jul

Nei, det er nok ikkje eg som har fått meg nytt antrekk til jul.

Denne gongen var det zaloflaska som gjerne ville ha seg eit juleantrekk. Resultatet vart tre trekk med ulik pynt. På den første har eg pynta med eit tovahjerte som eg har klipt ut av eit mislukka toveprosjekt.

Denne fekk ein heklablomst til pynt.

Og her hekla eg ei rad med lm som eg forma til eit hjarte og sydde på.

Dei blir å finna her etter kvart.

Eg likar godt at snøen er i ferd med å forsvinna, og det er sol og ganske mildt i dag.

Takk for at du stakk innom bloggen min, og god helg til deg  :)

27.10.2012

Kremmerhus og glasbrikker

Eg tenkte det kunne vera ein ide å sy kremmerhus av voksduk.

Dei kan jo brukast om igjen, og er berre å tørka av, eller vaska når dei blir klissete.


Det kan vera kjekt for både store og små, å ha litt energibitar å kosa seg med innimellom. Desse er utan borrelås, for tanken var å bruka dei inne.

Så sydde eg nokre glasbrikker i same slengen. 

Dei kan brukast på begge sider, og har eit anna motiv på baksida.

Tusen takk for alle kjekke kommentarar som eg får :) Eg set stor pris på dei.

Velkomen og til ny følgar :)

God helg :)