27.10.2020

Endå ein vest


Vest er eit veldig praktisk plagg, og det er kjekt at det er blitt så populært igjen. Her har eg strikka ein versjon med trekantmønster.


Dei er strikka i Adlibris baby proof merini, på pinnar nr 3 og 3,5, og er til ca 2 og 3 år.

Takk for at du stakk innom :)

18.10.2020

Hekla veske i bestemorruter


Så er eg tilbake til hekling igjen, og det blei ei veske i bestemorruter. Det er god plass til eit lite strikketøy oppi, men den kan jo brukast til akkurat det ein treng den til.

Den er hekla i Linde ren bomull med heklenål 3,5. 

Takk for at du stakk innom :)

11.10.2020

Enkel vest med båthals


Det er populært med vest igjen, og eg har strikka ein enkel versjon med båthals.


Det blei to stykk i ca 2-3 og 4-5 år, og dei er strikka i Sandnes alpakka. Oppskrifta har eg lagt ut her.

Takk for at du stakk innom :)

04.10.2020

Trekk til nettbrett


Det er lurt å ha eit godt trekk som beskyttar nettbrettet. Dette er laga i tunisisk hekling, og det har lukking med ein stor knapp.


Trekket er ca 25,5x19 cm utvendig mål, og det er hekla i Cotton medi.

Takk for at du stakk innom :)