19.10.2018

Shetland triangle shawl


Sjalet som eg skreiv om i eit tidlegare innlegg, er forlengst ferdig. Det tok berre litt tid å få det klargjort til bloggen.


Det er strikka i eit dansk garn som heiter Skive garn, og som inneheld 65% ull, og 35% silke, og det er 540m/100g.


Eg prøvde å bruka så mykje av garnet som eg kunne, så eg har igjen kun 5g.


Oppskrifta har eg i ei bok, men eg fann den her og.


Det kan sjå ut som eit vanskeleg mønster, men det er det absolutt ikkje.


I dette innlegget lovde eg å visa sjalet på blokkematta. Den var litt for lita, men sjalet er ganske stort. Eg la blokkematta oppå ei madrass, så det fungerte fint. Men det blei dårlege bilder på eit mørkt soverom. 


Sjalet er overlevert, og det fall i god smak.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


06.10.2018

Restegarngensar


Det blei ein restegarngensar av garnet som var igjen etter begge lingensarane. Det er same oppskrift, men ulik hals på alle tre. 


Garnet er Drops sitt bomull/lingarn, og det er veldig svalt og godt å gå med når det er for varmt med ullgensar.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)



28.09.2018

Babyteppe med hjarter og striper



Tenk, eg er så heldig at eg er blitt bestemor igjen. Det er stor stas, og sjølvsagt er ho den finaste bestemorjenta som fins :)


Eg har strikka dette teppet til ho, og strødd masse bestemorhjarter utover.


Teppet er strikka i Drops flora på pinnar nr 3, og det blei lunt og lett.

Eg har og laga oppskrift på det, og den finn du her.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


21.09.2018

Ullbukse/romper prematur/liten nyfødd


Eg har strikka nokre fleire småplagg til dei aller minste.


Kjekt og praktisk med plagg som ikkje er altfor store i starten, og kjekt å ha litt på lur i gåvekassen.


Det er same oppskrift på begge to bortsett frå beina. 


 Dei er strikka i Drops baby merino, og oppskrifta finn du her.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

16.09.2018

Endå ein gensar


I sommar har eg fått sansen for bomull/lingarn, så eg har strikka endå ein gensar i dette garnet. Det er Drops sitt garn, og inneheld 53% bomull, og 47% lin.



Eg har brukt same grunnoppskrift som på den første, men endra på hals og mønster. Du kan sjå den her.


Eg har nok garn igjen av begge fargane til ein gensar med striper, så kanskje det blir ein til.


Takk for at du stakk innom :)

31.08.2018

Prematurbody/liten nyfødd


Eg strikkar framleis småstrikk, og slike bodyar er veldig praktiske plagg til dei minste.


Sidan dei er strikka i ribbestrikk er dei elastiske, og formar seg fint etter kroppen. Har og fått tilbakemelding at dei passar fint til liten nyfødd.


Dei er strikka i Drops babymerino på pinnar nr 3, og oppskrifta finn du her.

Takk for besøket, og god helg :)

18.08.2018

Prematurtrøye/liten nyfødd



Eg strikkar litt småplagg for tida, og det er jo alltid kjekt.


Og til dei minste er det kjekt å ha nokre plagg som ikkje er altfor store i starten.


Desse er strikka i Drops baby merino på pinnar nr 3.


Dei er enkle å strikka, og fine å ha på lur til små gåver.


Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for besøket, og god helg :)

03.08.2018

Gensar i bomull-lingarn



Eg har strikka meg ein gensar i Drops sitt bomull-lingarn. Oppskrifta blei til underveis, og heile gensaren er strikka på pinnar nr 4.


Sidan det er ein gensar som vil bli brukt mykje om sommaren, valde eg å strikka 3/4 armar. Det er eg veldig fornøgd med.


Strikka eit enkelt mønster nede, og litt av det i halsen.


Felde av med i-cord for å få ein litt stødig og fin hals.


På slutten av tørkeprosessen hadde eg den inni tørketrommelen. Det gjorde at den blei litt mjukare, og den er behageleg rett på kroppen. Den har allerede vore i bruk, og eg syns den blei både lun og luftig, og varmar akkurat passe.

Takk for at du stakk innom :)


12.07.2018

Endå eit strikka nett


Denne gongen blei det nett med to hankar. 


Dei egnar seg godt til garn og strikkeprosjekt, men kan sikkert brukast både som eit lite handlenett, til ein tur på stranda, eller til anna ting og tang.


Dei er strikka i Tuva bomullsgarn, og er ca 40cm lange når dei ligg slik. Dei utvidar seg i breidda med noko inni.

Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for at du stakk innom :)

26.06.2018

Strikka nett


Eg har strikka nokre nett som passar godt til fruktnett, men dei kan jo og brukast til anna ting og tang.


Dei er strikka i diverse tynt bomullsgarn, så dei blei tynne og lette.


Slik ser dei ut utan noko inni, og desse blei ca 14 gram, og ca 20 cm når dei ligg slik.


Og desse er ca 9 gram, og ca 15 cm. Eg har og laga oppskrift til dei, og den finn du her.

Takk for at du stakk innom :)

20.06.2018

Blokkematter

Reklame: Rito Garn&Hobby.


Eg har lenge vore på utkikk etter blokkematter, og no har eg fått meg. Dei er sponsa av Rito Garn&Hobby.


Oppbevaringsposen er med glidelås, så det er eneklt å halda orden på dei når dei ikkje er i bruk.


Kvar matte er 32x32 cm, og 1cm tjukk, og det er 9 stk i pakken.


Slik ser dei ut, og dei har ei glatt og ei ruglete side. Du finn dei her hos Rito Garn&Hobby.

Eg har ikkje noko sjal å visa på blokkematta no, men eg held på med eit som skal blokkast når det er ferdig.

Takk for at du stakk innom :)

01.06.2018

Hekla etui



Når eg likevel var i heklemodus blei det nokon fleire slike etui.


Inni er det plass til det aller nødvendigste.


Og dei er kjekke å ha i strikkeposen.


Dei er hekla i Tuva bomullsgarn på heklenål nr 3,5.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


26.05.2018

Hekla korg med tilbehør


Her går det fortsatt i hekling. Denne gongen blei det ei korg med hank.


Den  passar godt til strikkekorg, men kan sjølvsagt brukast til anna ting og tang og. Her er det 4 nøster oppi.


Hekla litt tilbehør og. Eit lite etui med plass til diverse strikkerelatert. 


Den runde lappen til nåler får plass inni saman med anna ting og tang.

Det er hekla i Tuva bomullsgarn med heklenål nr 3,5.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)