Tusen takk for positiv respons på dei første korthaldarane som eg laga :) No er julekartongane kome i butikkane, og som alltid er det koselege bilete av diverse nissar utanpå. Då er det kjekt å laga korthaldar med julemotiv.
Her er det nissemor som strevar til jul, og har hatt eit "lite" uhell med strykejernet :)
Det er to lommar i desse korthaldarane, og dei er ca 9,5x7 cm.
Kanskje ei smart gåve til den miljøbevisste :)
Eller kva med ein nøkkelholsmerka Skyr mysli.
Det fins mange variantar.
Nokre av dei blir lagt ut på Epla etter kvart.
Tusen takk for alle kjekke kommentarar, og ei god adventshelg til dykk alle :)