28.01.2012

Strikkemappe med tilbehør

Først må eg takka for alle kommentarar eg fekk på gensaren i forrige innlegg. Det var overveldande, og sjølvsagt veldig kjekt. Vi strikkemammaer likar jo godt når ungdommen vil ha heimestrikka plagg, og vi legg jo kjærleik i kvar maske :)

Så over til dagens innlegg. Eit av stoffa som eg fekk til jul, syns eg passa så godt til strikkemappe. Resultatet vart eit strikkesett, med strikkemappe, oppbevaringsmappe, og eit lite nålebrev. Eg har sett rundt om på bloggane at det er fleire som lagar nålebrev, så eg fekk inspirasjon til å laga mitt eige. Det er både lite og enkelt, og får plass i oppbevaringsmappa.

Det er god plass i strikkemappa til ti nøster, fem i kvar høgd.


Her er det  plass til det viktigaste, og den har flat botn for litt betre oversikt.

Nålebrevet lukkast igjen med ein trykknapp.

Inni nålebevet strikka eg ein lapp i eit litt tynt bomullsgarn. Her kan ein festa nåler ,sikkerhetsnåler, maskemarkørar og ellers det ein har bruk for.

Her er det første nålebrevet eg laga av nokre stoffrestar. Det fekk litt broderi til pynt.

Ynskjer alle ei kreativ helg :)

21.01.2012

Gensar med raglanfelling

Eine sonen lurte på om eg ville strikka ein gensar til han, og det seier eg jo ikkje nei til. Slike oppdrag er  kjekke å få, og det er  nokon år sidan eg strikka gensar til han sist.

Han ville ha ein enkel gensar med berre ein mønsterbord oppe. Farge og garn tok han ut sjølv, og mønsterborden fann han i heftet Klassikere frå Sandnes garn. Han ville og ha raglanfelling.

Det var ein enkel gensar å strikka, men det vart ein del prøving og feiling i starten. Garnet eg har brukt er Smart og Juvel, og fargane er ein djup mørk blå og grå. Flotte fargar, som eg syns passa godt ilag. Gensaren er alt teken i bruk, og den er god og varm.

Ynskjer deg ei god helg :)

14.01.2012

Nytt bloggår

Godt nytt år, og velkomen til eit nytt bloggår. Det skal bli kjekt, og eg ser fram til mykje inspirasjon og besøk på mange flotte bloggar :)

Eg var så heldig å få mykje fint stoff til jul.

Fann ut at eg måtte begynna i det små, så det vart fire ting og tang/sminkevesker/pengepungar.

Med andre ord så kan dei brukast til det ein har behov for.

Alle er fora med likt stoff, og dei vil bli lagt ut på Epla etter kvart.

Her er stoffa eg fekk: Flotte julestoff.

Andre lekre stoff.

Og alle desse.  Det skal bli kjekt å finna ut kva eg skal sy av dei ulike stoffa.

Ynskjer deg ei god helg :)