25.05.2013

Inspirasjon

Noko av det som er så kjekt med blogging, er at ein får så mykje inspirasjon frå andre som bloggar.
Her er det Anette med bloggen http://mellomhimmelogjordbaer.blogspot.no/ som har inspirert meg. Ho har fleire innlegg  om korleis ho på ein enkel måte fornyar ting og tang. 
Eg hadde to gamle fat i mildt sagt mindre fine fargar, og fornya dei med maling. 
Diverse skjell på det øverste fatet, er slike som borna samla i oppveksten. Dei vekkjer gode minner, og var kjekke å ta fram.
Alt som er på det nederste fatet, er og slikt som eg hadde. Så det vart ei billig fornying, som ikkje kosta nokon ting.

Tusen takk til Anette for tips, og god helg til alle som er innom :)


19.05.2013

Tova brosjer

Eg hadde nokre kjøpegensarar i ull som ikkje var i bruk lenger, og  lurte litt på om eg kunne gjera noko nytte av dei. Først fekk dei seg ei kraftig toving.
Etterpå klipte eg ut hjarter i ulike fasongar og storleikar.
Så fann eg fram broderigarnet, og koste meg med brodering.
På baksida har eg sydd på ei brosjenål.
Dette var eit kjempekoseleg prosjekt, og eg har mykje tova ull igjen.

Og endeleg sol og sommar :)

God pinsehelg :)

04.05.2013

Rødt, kvitt og blått

Det er blitt litt meir småtteri. Denne gongen blei det vimplar som kan pyntast med til 17.mai.
Hekla med stavar, og auka ei maske i starten og slutten av kvar omgang.
Hekla dei saman med luftmasker, og vidare fastmasker i toppen av kvar vimpel.
Takk for titten, og god helg :)