29.01.2011

Bestemorruter


Det er inspirerande å sjå kor mykje forskjelleg som blir laga av bestemorruter på bloggane. Ikkje minst alle dei fine lappeteppa som ser dagens lys. 

Eg har gjort det enkelt, og hekla ei stor rute til ein pute.


Dette er ikkje ein pute til, men den andre sida av puten. Er ein lei av den eine sida, er det enkelt å fornya den med ein anna farge.


Eg hekla saman begge rutene på siste omgong, og hekla knyteband av luftmasker.

Har du lyst å vera med på lotteriet mitt, er det enno tid til det. Du finn det her: Å gje tilbake.
Ynskjer alle ei flott helg :)

23.01.2011

Pompadour


Har styrt med litt småhekling i det siste. Det har resultert i diverse pompadour i ulike størrelsar. Oppskrifta vart til etter kvart eg hekla.

Treng ein fin innpakning til eit smykke, eller treng ein plass å oppbevara det, passar denne minste utgåva godt.

Har ein maskemarkørar som ein ikkje finn når ein treng dei, så kan desse  passa godt til det.

Kanskje lurt å ha ein plass å gjera av alle dei fine knappane. 

Og kva med alle perlene. Her er det plass til ein heil del. Eller så kan ein jo bruka dei til det ein vil.

Så har eg vore så heldig å få møta ei god bloggveninne og namnesøster i det siste. Det var kjempekoseleg. Bodil er ei kreativ og hyggeleg dame som lagar mykje flott, og du finn bloggen hennar her: http://bodilhver.blogspot.com/

Det er enno tid til å melda seg på lotteriet mitt for dei som ynskjer det. Du finn det eit par innlegg lenger ned.

17.01.2011

Småstrikk igjen.

Her går det i småstrikk igjen. Etter å ha strikka eplehuer, fann eg ut at eg måtte prøva meg på pærehuer og. Resultatet vart desse. 


Strikka ganske enkelt ei lita ribbestrikka hue som passa til ei pære, og det fungerte bra.


Her har eg strikka til store pærer,


og her til mindre pærer.


I etterkant viste det seg at dei passa godt som eplehue og, så der fekk eg i både pose og sekk :)


For dei som har lyst til å vera med på lotteriet mitt, så finn de det i innlegget under. Det er berre å skriva ein kommentar, så er de med :)

11.01.2011

Å gje tilbake


No er det min tur igjen å gje tilbake litt her i bloggverda. I februar har eg blogga i 2 år. Det har vore to svært kjekke år, der eg har fått masse inspirasjon, og mange hyggelege kommentarar.

For ca. 1,5 år sidan, då eg så smått tok til å spinna, syntest eg det var greit å ha ein blogg berre for det. Der har eg ikkje hatt noko lotteri enno, så for å gjera dette enkelt, slår eg saman begge desse lotteria.

For å vera med på dette, er det nok at du legg igjen ein kommentar på dette innlegget. Du som ikkje har blogg, er og velkomen til å vera med.

Det blir tre gevinstar, og det du kan vinna er dette:



Ein kvit strikka løpar, ca. 85 cm lang.


Tilsaman 100 gram garn som eg har spunne, ca. 364 meter. Det er to-tråds 100% merinoull.


To hekla klutar, pluss to hekla kjøleskapmagnetar.

Trekninga blir 1. februar. Vil du vera med så heng på :)

04.01.2011

Småstrikk igjen

Det er alltid kjekt med litt småstrikk innimellom. Denne gongen vart det noko som eg har kalla eplehuer. Har du med deg eple i sekken eller i veska, er denne eplehua lur å ha. Den vernar eplet mot støt, så det held seg friskt og fint.



Eg strikka ganske enkelt små huer som skulle passa til ulike storleikar på epla.


Dei på øverste bilete er til store epler, og dei på nederste er til mellomstore.


Slik småstrikk er og ein fin måte å få brukt litt restegarn.