31.08.2010

Vottar og siklesmekker


Det er ikkje dei heilt store prosjekta her for tida. Har strikka nokre vottar i størrelse ca. 1/2- 1 år. Dei er strikka i Tiur Dalegarn på p. nr. 3. Har ikkje noko oppskrift, men det er heilt enkle vottar med ei holrad med snor i, så dei set litt bedre på.


Her kan de sjå korleis eg gjer det når eg markerer der tommelen skal vera. Det er sikkert fleire måtar å gjera det på, men her er slik eg brukar.


Dette er jo små vottar, så eg vurderte at det var nok å setja av 6 masker til tommel. Då strikkar eg til det er 6 masker igjen på eine sida. Så tek eg ein trådende i ein anna farge og strikkar dei 6 maskene.


Så tek eg dei 6 maskene inn på ein anna pinne. Deretter tek eg den grå tråden som eg strikkar med, og strikkar over dei seks maskene.


Dermed er dei 6 maskene strikka mellom to omgangar, og kan lett trekkast ut når tommelen skal strikkast. Eg brukar og å ta opp nokre masker på sidene der tommelen skal vera. Her enda eg opp med 16 masker til tommelen, og syntest det passa bra.


Så har eg sydd to siklesmekker til. Denne gongen kjøpte eg plastbelagt frotte til å ha på baksida, men eg let frotteen venda ut. Likevel la eg inn eit lag med vanleg frotte denne gongen og. Desse to er lagt ut på Epla.

18.08.2010

Siklesmekker


Det er lurt å ha, så ein ikkje blir våt og kald på brystet. Har sydd to siklesmekker til bestemorguten. Stoffet er kjøpt på Panduro, utan at eg visste at det var dette eg skulle bruka det til.

Eg var usikker på kva fasong dei skulle ha, og korleis eg skulle sy dei. Men her er det eg kom fram til.



Eg brukte tre lag med stoff. Tjukt bomullstoff til bakside (gjenbruk). Frotte i mitten (gjenbruk), og til slutt stoffet frå Panduro. Sikka gjennom alle tre laga før eg sydde på blonden.


Her kan de sjå at mønsteret som eg har laga, er ganske enkelt to sirklar. Til den største brukte eg ein middagstallerk, og til den minste ei lita skål.



Så har eg laga ferdig to sett med klutar igjen.


Dei har allerede fått seg ein ny heim.

03.08.2010

To ferdige PC-trekk


Har hekla eit PC-trekk til, denne gongen i svart.


Begge to passar til ein 10" PC, og har lukking med solide trykknappar.


Dei har og innerlomme med plass til minnepinne eller anna tilbehør.


Som eg skreiv i forrige innlegg er dei hekla i same mønster som klutane, men med dobbel tråd. Innerlommen er hekla med enkel tråd.


Så har eg laga ferdig to sett med klutar.


Alt dette er no lagt ut i butikken min på Epla.