24.03.2013

16.03.2013

Strikka boktrekk

Det er snart påske, og då er det vel ein del som reiser på påsketur. Og mange vil ha med seg bøker i bagasjen.

For at bøkene ikkje skal slitast i hjørna, har eg strikka nokre boktrekk.

Dei er stikka med to vrang og to rett, slik at dei er elastiske, og passar til dei fleste bøker.

Boka held seg fint på plass inni, og blir godt beskytta av trekket.

Velkomen til endå ein ny følgar, og god helg til alle som er innom :)


09.03.2013

Litt toving

Gode og varme sitjeunderlag kan vera lurt å ha i påska.  Desse er beregna til barn, derfor er dei ikkje så store.

Dei er strikka med Blåfjell nissegarn, og eg brukte dobbel tråd.
Og viss sola uteblir i påska, så er den med  likevel.

Og det kan vera stas å få namnet sitt i eit hjørne.

Så vil eg takka for alle fine kommentarar som eg får.  Dei blir sett veldig stor pris på :)

God helg :)


01.03.2013

Snart vår

Og då kan det vera greit å ha ein hals som både varmar litt, og pyntar opp.
Desse er hekla med same garnet som jentepulsa i forrige innlegg.
Det er litt melering i det, som gjer ein fin effekt.
Eg laga ein snurr på den før eg sydde den saman. Og  den er lett og luftig å ha på. 

Velkomen til deg som er ny følgar, og god helg til alle som er innom :)