25.10.2019

Hekla vesker i retrostil


Det er blitt nokre fleire vesker. Denne gongen i retrostil.


Og det er kjekt å finna fine knappar som passar til.


Dei kan sjølvsagt brukast både som strikkevesker, og elles til det ein treng dei til.


Begge er hekla i Cotton medi.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

18.10.2019

Strikk mens du går-veske



 Eg har hekla nokre strikk mens du går-vesker, som er fine å ha med seg ut på tur. 


Dei passar fint til å ha på armen medan ein strikkar, og det er plass til eit par nøster oppi veska.


Alle er hekla i bomullsgarn.


Og dei er ca 20 cm breide, ca 13 cm høge, og hanken er ca 23 cm.

Eg sel dei for 190kr pr stk, inkludert frakt.

Takk for besøket, og god helg :)

10.10.2019

Clutch



Her går det mest i hekling for tida, og no har hekla nokre clutch.




Kvar clutch har fått ein fin knapp, og ei perle til pynt på snora.




Dei er hekla i Cotton medi, og er ca 17x11cm.

Eg sel dei for 250kr pr stk, inkludert frakt.

Takk for besøket :)

02.10.2019

Haustsjal med riller og holstrikk



Eg har strikka eit sjal i Sandnes Tynn Line. Det inneheld 53% bomull, 33% viskose og 14% lin. Eg syns det var eit godt garn å strikka sjal av, og sjølv om det er lite lin i garnet fell det fint, og det er litt linaktig.


Det er og luftig og lett, men samtidig lunar det godt.  

Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for at du stakk innom :)