Eg er så heldig at eg har fått to pakkar i posten denne veka. Det er alltid kjekt, sjølv om eg veit kva som er inni. Eller nettopp derfor.
Frå Petrine og Barnum fekk eg denne herlege mini-Barnum. Eg er alltid like fasinert over kor levande ho greier å nålefilta figurane ho lagar.
Greide ikkje å få eit godt nok bilete av han, men han liknar veldig på Barnum som du kan sjå
her i bloggen hennar. Tusen takk Gunn, for at du gleda meg slik.
Så var eg så heldig at eg vann denne flotte fotlenka hos krysantemum design. Det er ein japansk fletteteknikk som heiter kumihimo, som du kan sjå meir om
her i bloggen hennar. Ho har og ein nettbutikk med flotte produkt. Tusen takk til deg og Line, for flott premie.
Så fekk eg besøk av bestemorguten i sommar.
Og eg hadde hekla denne blekkspruten til han.
Men aller mest var han nok opptatt av bilar.
Og å sjekka at kaka blir god.