23.11.2014

Koseleg hekling

Eg hadde egentleg ikkje tenkt å hekla nokon juleting i år.


Men så dukka det opp nokre nøster som passa så godt til formålet.


Dermed blei det nokre hjerter.

Og enkle glasbrikker. Begge deler blei til underveis, og dei er hekla i Mandarin bomullsgarn.

Og så er det jo veldig kjekt å halda på med slike småting no før jul. 

Takk for besøket, og velkomen til 2 nye følgarar :)






14.11.2014

Toalettvesker eller mapper til handarbeid

Eg har sydd nokre sett som vel kan brukast til både det eine og det andre.

Og eg tenkte at det kan vera praktisk med ei lita mappe til dei minste tinga.

Alle er fora, og har vatt mellom laga.

Og eg syns jo desse stoffa var veldig fine.

Og skal dei brukast til handarbeid, så er det god plass til 3 garnnøster oppi.

Takk for besøket og god helg :)




05.11.2014

Til kalde dagar

Det merkast godt at hausten er komen. Då er det greit å ha klar plagg som varmar.

Dette er min eigen versjon av spiralmønsteret.

Dei er strikka med dobbel tråd i eit garn som heiter Alpa.


Eg har fått tilbakemelding om at det er ei god passform.

Dei er strikka med 3 rett og 2 vrang. Syns spiralen kom best fram då.

Takk for at du stakk innom :)


25.10.2014

Herrevottar

Sjølv om eg ikkje har sett noko til snøen enno, så er den kanskje ikkje så langt unna. Eg har i alle fall strikka nokre herrevottar.

Dei er strikka i Østlandsgarn på pinnar nr. 3,5

Men eg ser at det vart ikkje dei rette fargane på bileta. Desse er eigentleg mørk blå og lys grå.

Fargane på desse stemmer nokolunde, men den grøne er litt lysare.

Medan fargane på desse er mørk grå og mørk blå. Det er mi eiga oppskrift.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


16.10.2014

Strikka sjal

Tilfeldig oppdaga eg sjalet Medvind som er designa av Clara Falk. Du finn oppskrifta her på Ravelry.

Eg har strikka det i Kauni.

Sjalet ser enkelt ut, men det er ein veldig gjennomtenkt og smart framgongsmåte.

Og det blir langt, og kan tullast godt rundt halsen. Sjalet er komt fram, og varmar ho som har fått det.

Takk for besøket :)

01.10.2014

Små mapper

Desse mappene sydde eg for ei stund sidan.

Dei er ikkje så store, ca 16x9x8cm.

Og dei er fora og har vatt mellom laga.

Dei kan vel brukast til litt av kvart.

Og kan vera praktiske til å halda orden på ting og tang.

 Dei kan og vera greie å ha til diverse smått handarbeid.

Og har du eit lite strikk du treng ei mappe til, så er det  plass til to 50grams-nøster oppi.

Takk for besøket :)



21.09.2014

Haust

Varme halsar kan vera godt å ha på lur no når sommaren er over og hausten gjer sitt inntog.

Desse kan brukast ein eller to gongar rundt halsen, og er vridd ein gong. Denne er strikka i spiral.

Og denne i dobbel perlestrikk.

Eg har strikka dei i dette garnet som er økologisk. Det er mjukt og godt, og eg har brukt ei hespe (100gram) på ein hals.

Takk for at du stakk innom :)


10.09.2014

Tova sitjeunderlag til barn.

Tova underlag til barn er alltid kjekt og praktisk å ha.

Sidan desse blei svarte som natta, fann eg ut at eg kunne brodera på nokre stjerner. Då blei dei straks litt koselegare både å sjå på, og å bruka.

Eg har brukt 100 gram garn på kvart underlag. Det har eg funne ut er passeleg til dei minste. 

Takk for besøket :)


31.08.2014

Pute i hakking

Hakking er så kjekt, og eg kjem alltid tilbake til det.

Her har eg hakka ein pute i vanleg hakking, men eg har brukt to fargar. Då kan ein hakka diverse mønster.

Det er så kjekt, og muleghetene er mange.

Dette er andre sida av puten, så her er det enkelt å fornya seg. 

Takk for besøket :)



21.08.2014

Litt småstrikk

Hausten er komen, og det er tid for litt varmare plagg.


Eg har strikka nokre enkle sett med hals og huer, og  huene fekk ein liten dusk. Eg vil tru dei passar frå ca 3-6 år, og bestemorguten har allerede fått eit sett.


Garnet heiter Oda, og er 50% ull og 50% acryl. Det er veldig mjukt, og eg trur  ikkje det klør. 

Takk for at du stakk innom :)



14.08.2014

Presskannevarmar

Etter at eg kjøpte presskanne, har eg grubla på korleis eg kunne laga presskannevarmar.

Valget blei ein spesiell teknikk innan hakking.

Denne teknikken passa godt med tanke på korleis eg skulle få det fint til attmed hanken.


Eg har brukt Østlandsgarn, og trekka blei stødige, og sit godt på.

Men det er viktig å hugsa å ta på trekket før ein tømmer varmt vatn oppi.

Takk for besøket :)



07.08.2014

Sminkeveske/clutch/eller til ting og tang

Innimellom blir det laga ting som "lurer" seg unna blogging. Men det kan jo av og til vera greit å ha noko på lur.

Eg hadde kjøpt kroklisser i fine fargar, og ville prøva dei som pynt.

Resultatet blei desse tre. 

Dei kan vel brukast til litt av kvart, alt etter kva behovet er.  Dei er ca 21x13cm.

Takk for besøket :)



31.07.2014

Ferie

På ynskjelista til bestemorguten sto ein verktøykasse.

Det kunne ikkje bestemor laga, men heldigvis så kunne onkel det. Det var stor stas, og den første som fekk prøva den var lillekanin.
 
Han trudde nok at han hadde fått seg seng, men etter nokre dagar måtte han flytta ut av den for å gje plass til diverse verktøy.

Men eg trur det gjekk bra.
For bestemor hadde nettopp strikka antrekk til kaninen. Og det var og viktig at han fekk lapp med namnet sitt på. 
Og det såg det ut som han var fornøgd med :)

Ha ein fortsatt fin sommar :)


18.06.2014

Sommarvesker

For ei stund sidan kjøpte eg litt Paris bomullsgarn for å prøva det.

Det er litt tjukkare enn vanleg bomullsgarn, så eg brukte heklenål nr 4.
Resultatet blei to hekla vesker i ulike fargar.
Dei har vore ferdige ei stund, bortsett frå at dei no fekk seg kvar sin innerlomme.

I den er det plass til mobil eller andre småting.
Grei sommarveske når du ikkje treng ha så mykje med deg.
Og den tek liten plass som ei ekstra veske i bagasjen.

Eg har fått spørsmål om korleis eg har hekla blomsten på veska, og om eg har brukt ei oppskrift til den. Det er mi eiga oppskrift, og den er veldig enkel å hekla. Slik er den:
Hekle 4 lm. Ta saman til ein ring.
Hekle 8 fm i ringen.
Hekle 1 fm, 2 fm i neste m, ut omg. (12 fm)
Hekle 3 lm, 1 fm i neste fm, ut omg.
Lukke til med heklinga :)

Ynskjer alle ein fin sommar :)