30.10.2010

Sjal og klutar


Her har eg strikka to like sjal.


Begge er strikka i same farge og mønster. Det er mitt eige mønster, og eg har strikka det før , men då med sjølvspunne garn. Det kan du sjå i spinnebloggen min.


Desse er strikka i Trysil babyull, som eg synest var eit godt garn å strikka sjal av.


Begge to er gitt bort i gåve til fornøgde mottakarar.


Så har eg gjort ferdig nokon fleire klutar, som etter kvart blir lagt ut i butikken.


Det er så kjekt med alle koselege kommentarar som eg får, og eg set stor pris på dei :) Ynskjer alle ei fin helg :)

27.10.2010

Litt småplukk igjen


Har brukt restegarn igjen og hekla diverse små kurva.


Det er same oppskrift som til smilefjesa.


Aukar til du har så stor botn du vil.


Så heklar du vidare utan auking. Hekla ei rad krepsemasker til slutt. Pynt dei slik du vil.


Av nokre smårestar vart det tre hekla julekuler, sjølv om det nok er dei strikka som er in i år :)

20.10.2010

Vinterplagg


Fekk telefon frå dotter mi om eg kunne strikka ei hue til henne lik ei ho hadde funne på ein blogg. Slike telefonar er jo koselege å få, så det sa eg ja til :)


Bloggen viste seg å vera Judith sin strikkeblogg, ein blogg som eg ofte er innom. Ho er ei erfaren strikkedame som strikkar mykje flott. Vart litt usikker om eg ville få til flettemønsteret, for eg hadde berre bilete å sjå etter. Men det sto kor mykje ein skulle leggja opp, og str. på pinnane.


Eit flott flettemønster som ikkje var så vanskeleg å få til som eg trudde. Kanskje ikkje heilt likt med antal omg. mellom flettene, men sånn ca. i alle fall. Eg brukte Tiur Dalegarn, dobbel tråd.


Den er no på veg i posten, og håper den blir god å ha til vinteren.


Så er det blitt fire isskrapevottar som eg har strikka på innimellom andre prosjekt. Dei blir lagt ut på Epla med det første.

14.10.2010

Litt småplukk igjen


Kjøpte magnetar på Panduro, med tanke på å bruka dei som kjøleskapmagnetar. Resultaet vart diverse smilefjes som eg hekla. Her kjem restegarnet til god nytte. Har ikkje limt på magnetane enno, for eg har gløymt å kjøpa lim.


Hekla like godt eit par gryteklutar i same mønster, og med smilefjes på mitten.


Som de ser, så er gryteklutane femkanta. Det er same oppskrift som smilefjesa, men når dei blir hekla større, så kjem femkantforma fram.





Etter same oppskrift har eg og hekla brikker til å ha under koppen.


Har hekla dei i mange ulike fargar for å finna ut kven eg vil hekla meir av.








Oppskrifta er enkel.
Her er den:
Legg opp 4 lm og ta saman til ein ring.
Hekle til saman 10 fm rundt ringen.
Hekle 1 fm(den første fm er ei lm), 2 fm i neste, 1 fm, 2 fm i neste ut omg.
Hekle 1 fm i kvar av dei to første maskene, 2 fm i neste osv. ut omg.
Siste omg er ein omgang med krepsemasker (heklar fm frå venstere mot høgre).
Desse omg utgjer smilefjesa.
På gryteklutane og brikkene fortset du på same vis. Det blir automatisk ei fm meir mellom kvar auking, og avslutt med ein omg. krepsemasker når du synest dei er store nok.

Tusen takk for alle koselege kommentarar på forrige innlegg, og god helg til alle som er innom bloggen min :)

05.10.2010

Babysett


Har strikka dette settet til bestemorguten.


Hadde ikkje mønster, men tok maskeantal frå ei anna oppskrift.


Fann ut at eg ville ha lommar på den, og eg strikka ein liten bamse som fekk plass der. Kjøpte koselege bamseknappar, og sydde ein på kvar lomme og.


Strikka stolpane samtidig, og for å få dei til å festa seg til jakka( sidan dei er ein anna farge), så snudde eg trådane om einannan på vranga. Det fungerte bra.


Kragen, brota og stolpane er i perlestrikk, og eg har brukt raglanfelling. Synest det er ei god felling til barn.


Kjekt at slike smetteskjerf er i vinden igjen.


Og her er vottane med knyteband, så dei held seg bedre på plass.


Slik bamse hugsar eg ungane strikka på skulen, så eg prøvde å hugsa korleis dei var, og resultaet vart slik.


Eg hadde ikkje strikka hue til settet, men ein kveld så vart det ei av restane likevel. Av den siste enden av tråden broderte eg ein enkel bord rundt. Eg trudde eg hadde strikka den altfor stor, men bestemorguten har blitt så stor at den passa akkurat. Den er strikka i dobbel tråd, så den er tett og god.