24.02.2019

Påskepuls


Påska nærmar seg, og når eg fann nokre nøster med gult, tenkte eg det kunne vera ein ide å strikka nokre påskepuls. Den gule fargen er for sola, og det grøne for alt som spirer og gror.


Dei er strikka i Drops flora på pinnar nr 2,5, og eg har lagt ut oppskrifta her.

Takk for besøket, og ha ein fin søndag :)



15.02.2019

Stjerneteppe til baby


Det er blitt endå eit teppe, og det er strikka i Sandnes alpakka på pinnar nr 3,5.


Vil du strikka eit slikt, har eg lagt ut oppskrifta herStrikkoteket. Der er det mange flinke folk som legg ut sine eigne oppskrifter, så ta gjerne ein titt på alt det fine som er der.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

08.02.2019

Kosejakke



Endeleg har eg strikka meg ei tjukk og god kosejakke.  


Den har i-cord framme og rundt halsen, og eg strikka inn knapphol på eine sida av i-corden.


Så hekla eg stolpe til knappane berre på den eine sida, slik at begge i-cordkantane blir synlege når den er kneppa igjen.


Den er strikka i Air Gjestal på pinnar nr 8. Det inneheld 73% ull, og 27% nylon. Eg har ikkje brukt noko oppskrift, så den blei berre til underveis.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

02.02.2019

Poncho


Eg har lenge tenkt  å strikka ein poncho. Etter ein del prøving og feiling landa eg på dette.


Dei er strikka slik at dei er one size frå ca 1-4 år, og one size frå ca 4-8 år. Og så strikkar ein den så lang som ein då treng den.

Garnet eg har brukt er Drops big merino, og oppskrifta finn du her.

Takk for besøket, og god helg :)