24.09.2011

Endå meir sying.

Her går det framleis i sying av diverse ting og tang. Nokon av stoffa er nye, noko er restar, og noko er gjenbruk. Desse posane har eg sydd på ein litt anna måte enn dei eg har laga før. Du finn ein smart framgongsmåte i Timotei sin blogg.

Denne posen er sydd av gjenbruksstoff. Foret er av 100% lin, og har levd sitt tidlegare liv som bukse. Stoffet utanpå, har vore ein bluse.

Denne er sydd av ein dongerirest, og fora med eit av stoffa som eg vann hos Bentes Quiltehage

Nydeleg for, som eg syns passa godt til dette stoffet.

Her er eit litt lysare dongeristoff, og her vart det ei remse med same stoff utanpå.

Og likt for inni.

Dette stoffet likar eg så godt, så det kjøper eg kanskje meir av.

Og her har eg brukt eit anna av stoffa som eg vann i Bentes Quiltehage, så no har eg snart ikkje meir igjen av dei.

Nokon av desse tinga blir lagt ut på Epla etter kvart.

God helg, og tusen takk for alle kjekke kommentarar :)

17.09.2011

Litt meir sying

Eg er framleis inspirert av flinke sydamer her i bloggverda, og har sydd litt til.

Desse kan vel brukast til litt av kvart, alt etter behov, og denne er allerede gitt bort i gåve.

Likte godt dette stoffet som eg kjøpte på den lokale sybutikken.

Dette er eit stoff som eg fann i ei restekasse hos Panduro ein gong.

Alle er fora, og har eit lag med vatt eller strykevliselin.

Denne er sydd av ein liten rest som eg hadde, og er allerede tatt i bruk til diverse ting og tang.

Dersom du lurer på korelis ein syr desse, så finn du ei god veiledning på lises myke pakker sin blogg.

God helg :)

10.09.2011

Fargeklattar til kjøkkenet

Innimellom andre handarbeidssyslar, er det greit å ha det litt enkle å ty til.

Og ein ny fargeklatt til kjøkkenet friskar opp no om hausten.

Dette er luftige og gode klutar som tørkar raskare etter bruk. Du kan lesa meir om dei i dette innlegget.

Dei blir etter kvart lagt ut på Epla

Tusen takk alle bloggvener for kjekke kommentarar som eg får. Dei blir sett stor pris på :) Velkomen og til nye som føl bloggen min :)

Elles ser det ut som vi får ein strålande dag i dag, med sol frå skyfri himmel :) Det er lenge sidan vi har hatt, så det skal bli godt :)

God helg :)

.

04.09.2011

Fleire vottar

Det er blitt to par vottar til med dette mønsteret.  

Det er eit kjekt og enkelt mønster å strikka, og ein fin måte å få brukt litt restegarn.

Dei er strikka i sokkegarn, så det er slitesteke vottar som tåler å bli brukt.

Begge para er lagt ut på Epla.

Ynskjer alle ein god søndag :)