20.12.2015

09.12.2015

Forundringspakke


Ann Elisabeth med den kreative bloggen, Mitt lille roterom, feirar mange besøk på bloggen sin. Ho har laga ein forundringspakke, og har du lyst til å delta, kan du gå inn på bloggen hennar her.

Ynskjer deg fine førjulsdagar :)

04.12.2015

Heklekos

Det er kjekt med litt småplukk i førjulstida.


Og  det er så koseleg å laga ting sjølv istadenfor å kjøpa. 


Det blei ein enkel engel, og små minihjarter hekla av smårestar. Dei kan brukast som pynt på diverse ting og tang.


Takk for at du stakk innom, og god helg :)


24.11.2015

Hakking igjen.

Dette teppet har vore eit innimellomprosjekt.


Det er hakka av strikkeplagg som hadde sett sine beste dagar.


Dette er ein spesiell teknikk innan hakking, som eg syns egnar seg godt til tepper.


Rundt kanten hekla eg ei rad med krepsemasker, som gjer ein stødig og fin kant.

Velkomen til endå ein ny følgar. Det er alltid kjekt :)


30.10.2015

Mariusgensar

Dette er faktisk den første Mariusgensaren eg har strikka.


Den er til dotter mi. Tok sjansen på å strikka den utan at ho visste det, og kjøpte fargar som eg visste ho likar. 


Det var viktig å kjøpa eit garn som ikkje klør, så valget fall på  Viking alpaca sport, som inneheld både alpaca og merino. 



Heldigvis fall den i smak. Den passa akkurat, og den klør ikkje.

God helg, og velkomen til endå ein ny følgar :)





26.10.2015

Småting.

I fjor hekla eg slike hjarter i raudt bomullsgarn. Du kan sjå dei her.


No har eg hekla dei i eit grovare materiale, så dei får eit røffare uttrykk.



Så har eg strikka ei Minecrafthue til bestemorguten. Ser det er så populært for tida. Eg hadde noko alpakka som eg strikka den av, og brukte pinnar nr 3 og 3,5. Den er sendt med posten, og passa akkurat.

Takk for besøket, og velkomen til ny følgar :)

09.10.2015

Vottar

Det er vel snart tid for vottar igjen.


Desse strikka eg egentleg i overgangen mellom vinter og vår, men syns det var feil tidspunkt å blogga dei.


Det er str dame, men ikkje heilt like. Garnet er Vestlandsgarn, pluss diverse anna i lik kvalitet. Og så er det sånne enkle finnepåoppskrifter etter kvart som eg strikkar.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

03.10.2015

Heilt enkle sokkar

Dette blei heilt enkle sokkar strikka i Regia sokkegarn.


Eg kjøpte det i grunnen fordi eg syns fargane såg så fine ut, og det syns eg fortsatt etter å ha strikka med det.


Det var ikkje så mykje mønster i fargeskifta, men syns det var greie overgangar likevel. Dei er strikka på pinnar nr 3.


Og til slutt eit par miniankelsokkar som gjerne ville vera med.

Takk for besøket, og god helg :)

11.09.2015

Strikkajakke

Strikkajakker er anvendelege plagg som er lette å ty til når det blir kaldt.


Denne  har eg strikka etter ei oppskrift som sto i Familien nr 8/2008.


Eg har brukt andre fargar, og har endra på halsen. I oppskrifta var den mykje tettare. Stolpane har eg strikka på langs, og sydd dei på før eg strikka halsen.


Den er strikka i Abuelita handfarga garn frå Pickles, som er 100% merinoull. Veldig mjukt garn som ikkje klør.


Og den er strikka på pinnar 2,5 og 3.


Syns det var ei god oppskrift, sjølv om eg gjorde nokre endringar.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


21.08.2015

Tova tøfler

No når sommaren endeleg er her, passar det vel litt dårleg å visa fram tova tøfler.


Men det var det eg hadde no, så får ein berre håpa at det er lenge til ein får bruk for dei.



Dei er strikka i Rauma 3-tråds, og garnet tovar godt.


Det er mi eiga oppskrift, men den er så enkel at eg strikkar dei som ein vanleg sokk på tjukke pinnar.


Og bråtet strikkar eg fram og tilbake i rillestrikk.

Takk for besøket, og god helg :)

14.08.2015

Litt smågodt

Perlehuset i Oslo har lagt ned den fysiske butikken sin. Blant anna så selde dei ut masse knappar. Og eg kjøpte ein god haug. Her er eit lite utval:






Det er knappar i alle fargar og fasongar, og eg er veldig fornøgd med det eg fekk. Det blir nok litt sortering etter kvart, så eg får bedre oversikt.  No var eg og litt knappelaus, så det var kjekt å få fleire. 

Ser eg har fått ein ny følgar. Det er alltid kjekt, og velkomen til deg :)

Takk for at stakk innom, og god helg :) 




01.08.2015

Tusenbeinteppe

I år fekk bestemorguten ein sommarpakke hos bestemor. Innhaldet passar vel best om vinteren, men eit koseteppe er vel og kjekt å ha heile året.


Eg ville strikka det i dominostrikk, og fann  fram det eg hadde av superwashgarn som passa til pinnar nr 4. Tenkte at med superwashgarn tåler det røff behandling og mykje vask. Prøvde å laga litt system med fargane, så langt som det gjekk an.


Og eg sette saman rutene slik at det blei zikk-zakkkant rundt.


Til kanten måtte eg kjøpa garn, og eg hekla ein kant med masse små "bein". Derfor fekk teppet namnet Tusenbeinteppet, og det fall i smak. 


Det var og kjekt å få namnet sitt på teppet. Det broderte eg langs mitten av teppet, der eg hadde strikka dominoruter i vekselsvis gult og grønt.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)



26.06.2015

Gensar i alpaca

Eg hadde nokre nøster med Minialpaca som blei kjøpt ein gong utan mål og meining.


For å untnytta garnet best muleg så eg fekk nok til ein gensar, blei det striper.




Eg ville ikkje ha så brå overgang mellom stripene, så eg strikka  ein omgong med ei maske av kvar farge, før ny stripe.


Det vart ein enkel gensar, men eg er fornøgd. Og den er så behageleg å gå med.

Velkomen til ny følgar, og god helg til deg som stikk innom :)




07.06.2015

Endå ein pute

Det var så kjekt med dominostrikking, så no har eg strikka ein pute.


På eine sida er det ni dominoruter, og på den andre sida er det ei stor rute.


Eg har brukt eit garn som eg ikkje har prøvd før.


Det er 46/54% ull/bomull, og kjøpt på Europris.


Det er tjukt, heiter Natur, og er strikka på pinnar nr. 5,5.


Det var godt å strikka av, og eg syns det passa fint til dominostrikk.


Lukking med knappar og hemper, og ei rad krepsemasker så det blir ein stødig kant.

Ynskjer deg ein fin søndag :)

01.06.2015

Strikka putar

Eg har strikka to putar etter ynskje frå dotter mi.


Ho lurte på om eg ville strikka ein Mariuspute, og ein flettepute til henne.  Og det er jo berre kjekt å få slike oppdrag.                                                                                             


Dei er strikka i superwash ullgarn på pinnar nr 4.


Fletteputen fann ho mønster på her.


Hekla ei rad med krepsemasker og hemper rundt opninga, og sydde i knappar til lukking.

Velkomen til nye følgarar :)