20.12.2020

09.12.2020

Veske med bestemorruter


Det er blitt ei lita veske med ein kombinasjon av bestemorruter og vanleg hekling. Den har plass til 3 nøster, men kan sjølvsagt bruaskt til anna ting og tang.



Den er hekla i Cotton medi, og er ca 21x16 cm.

Takk for at du stakk innom :)

05.12.2020

Gje-bort



No er det lenge sidan eg har hatt ein gje-bort her på bloggen. Blir du med kan vinna ein ut på tur-pose med karabinkrok. Fyll den gjerne med energimat og heng den på sekken, eller der det passar best. Kan jo og brukast utan kroken, og til det ein vil.

Då er det Viola som får ein pakke i posten. Gratulerer :)

God helg :)
 

28.11.2020

Raggsokkar

 

Heilt vanlege raggsokkar er populært, så no har eg strikka opp nokre par til herre. Dei er strikka i Viking raggsokkegarn, som er eit mjukt og godt garn.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

21.11.2020

Hekla nett

 


Det er kjekt å finna ulike måtar å setja saman bestemorruter. Denne gongen blei det eit nett. Det er ca 30x24 cm, og er hekla i Cotton medi.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

11.11.2020

Engleteppe

 

Alle babyar treng tepper, og det er alltid ei fin gåve å gje bort. Dette teppet blei fullt av englar.  



Det er strikka i babyull på pinnar nr 3, og oppskrifta finn du her.

Takk for at du stakk innom :)

02.11.2020

Konvoluttclutch

 


Det er blitt eit par konvoluttclutch i tunisisk hekling. Dei har plass til det aller mest nødvendige, og kan også brukast til anna ting og tang.

Dei er hekla i bomullsgarn, og eg sydde på ein trykknapp til lukking. Og dei er ca 17,5x11 cm. 

Takk for at du stakk innom :)

27.10.2020

Endå ein vest


Vest er eit veldig praktisk plagg, og det er kjekt at det er blitt så populært igjen. Her har eg strikka ein versjon med trekantmønster.


Dei er strikka i Adlibris baby proof merini, på pinnar nr 3 og 3,5, og er til ca 2 og 3 år.

Takk for at du stakk innom :)

18.10.2020

Hekla veske i bestemorruter


Så er eg tilbake til hekling igjen, og det blei ei veske i bestemorruter. Det er god plass til eit lite strikketøy oppi, men den kan jo brukast til akkurat det ein treng den til.

Den er hekla i Linde ren bomull med heklenål 3,5. 

Takk for at du stakk innom :)

11.10.2020

Enkel vest med båthals


Det er populært med vest igjen, og eg har strikka ein enkel versjon med båthals.


Det blei to stykk i ca 2-3 og 4-5 år, og dei er strikka i Sandnes alpakka. Oppskrifta har eg lagt ut her.

Takk for at du stakk innom :)

04.10.2020

Trekk til nettbrett


Det er lurt å ha eit godt trekk som beskyttar nettbrettet. Dette er laga i tunisisk hekling, og det har lukking med ein stor knapp.


Trekket er ca 25,5x19 cm utvendig mål, og det er hekla i Cotton medi.

Takk for at du stakk innom :)

27.09.2020

Ampel i makrame


 Det er lenge sidan eg har knytt makrame, og det var kjekt å friska det opp igjen.

Ampelen kan brukast både inne og ute, og ein kan variera med ulike potter og blomster. 

Takk for at du stakk innom :)

21.09.2020

Blomstereng


 Eg har strikka eit babyteppe som har fått namnet blomstereng.

Det er strikka i babymerino, på pinnar nr 3, og oppskrifta er klar her.

Takk for at du stakk innom :)

12.09.2020

Strikk mens du går-veske


Det er kjekt å ha ei praktisk strikkeveske med seg på tur. Denne trer ein inn på armen, og det er enkelt å  ta fram strikketøyet overalt.


Nøstene ligg trygt nedi, og det er god plass til eit mellomstort strikketøy. Den er ca 24,5x30cm.

Takk for besøket, og god helg :)

05.09.2020

Nyføddpose


 Ein liten nyføddpose som er enkel å ta på og av.


Den er strikka i Big merino på pinnar nr 4.

Takk for besøket, og god helg :)

23.08.2020

Hekla korger


Det er gøy å prøva diverse interiørgarn som er å få kjøpt, og det er mykje nyttig ein kan laga av det. Eg har hekla nokre korger, som kan brukast til litt av kvart.



Dei blei til etter kvart, og i omvendte fargar. Begge er hekla i båndgarn med heklenål nr 7.

Takk for at du stakk innom :)

09.08.2020

Hjartegensar



 Det er blitt litt strikking igjen, og slike småplagg er det jo alltid kjekt å laga. Dei er i ca 1-2 år, og 3-4 år.
 


Begge er strikka i Adlibris baby proof merini, på pinnar nr 3 og 3,5. Det var eit nytt garn for meg, som eg likte godt. Oppskrifta er klar her.

Takk for at du stakk innom :)

27.07.2020

Enkel barnesekk


Det blei ein enkel barnesekk i kult stoff. 


Den kan brukast til leikar og diverse ting og tang, og er fin å ha med på tur. Og eg vil tru at kosebamsen likar seg godt oppi den. Den er fora, og er ca 33x28 cm.

Takk for at du tittar innom :)

13.07.2020

Strikka skulderveske


Eg har strikka nokre skuldervesker med mønster.


Mønsteret og fasongen blei til etter kvart.


Strikka holrad øverst til i-cordsnor.


Dei er strikka i bomullsgarn, og er ca 24x21 cm. Hanken er ca 80 cm.

Takk for at du tittar innom :)


04.07.2020

Strikkepose i lin med nålebrev


Det er kjekt å bytta ut plastposar med diverse naturfiber. Lin er ein flott fiber, og eg har sydd ein strikkepose i lin med nålebrev. Det er ni nøster i posen, men det er plass til nokre til.


På nålebrevet er det litt broderi, og inni er det ein strikka lapp til å festa nåler i.


Posen er ca 35x29 cm, og nålebrevet ca 14x9 cm.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

25.06.2020

Hekla nett i retrostil


Det er kjekt å variera med ulike teknikkar. Denne gongen blei det eit hekla nett i retrostil med bestemorruter.


Det er stort og romsleg, og kan brukast til strandnett, handlenett, turnett, strikkenett, eller til det ein treng det til.


Hanken er ca 50cm, og veska ca 29x29cm. Det er hekla i Linde ren bomull.

Takk for at du stakk innom :)

16.06.2020

Japansk knutepose


Det er kjekt å sy litt innimellom, og denne gongen blei det ein Japansk knutepose/Japanese knot bag. Den fins i mange ulike variantar, og eg har sydd min eigen versjon. Ein knyter posen ved å dra den lange hanken gjennom den korte.


Som strikkeveske er den praktisk å ha med på tur. Knyt den og tre den lange hanken inn på armen, og garnnøstene ligg trygt medan ein strikkar.


Her er det tre garnnøster oppi, men det er plass til nokre fleire.


Passar og som turpose til diverse mat og godsaker, og er ein fin erstatning til plastposar.

Takk for at du stakk innom :)

09.06.2020

Hekla nett


Hekla nett er eit godt alternativ til plastnett. Dei kan brukast til grønnsak/fruktnett, ut på tur nett, strikkenett, eller til akkurat det ein treng dei til.


Dette er hekla i bomullsgarn, og er ca 24x29 cm.

Takk for at du stakk innom :)


30.05.2020

Hekla barnehattar



Det er kjekt å ha ein liten sommarhatt på lur når finværet kjem. Desse passar både til gut og jente.


Dei er ca 45 og 50 cm i omkrets, og er hekla i Linde ren bomull.

Takk for besøket, og god pinse :)