26.03.2010

GOD PÅSKE










Er innom for å ynskja god påske til alle som er innom bloggen min. Påskehelsing frå Bodil :)

13.03.2010

Shetland triangle shawl


No har eg strikka eit sjal til i dette mønsteret. Kjekt å variera med forskjellege fargar, og sjå kor ulikt resultatet blir.


Dette garnet er spunne av 50% ull, og 50% soyasilke, som gjer ein fin glans.

05.03.2010

Babyhuer


Har strikka to babyhuer. Gjekk ut frå ei oppskrift, men det vart litt forandringar. I oppskrifta var det dusk, skygge og silkeband, men det vart litt i meste laget, syntest eg! I staden så hekla eg nokon snurringar i toppen. Dersom du lurer på korleis det er gjort, så får du forklaringa her: Hekle ei rad med luftmasker, snu og hekle to fm i kvar lm. Og vips, så blir det slike snurrar! :)


Ha ei riktig god helg alle som er innom bloggen min :)