27.12.2009

Snart 1-årsjubileum

Første februar er det ca. eitt år sidan eg starta med blogging, og i den forbindelse loddar eg ut nokre ting som eg har laga. Det har vore eit fantastisk kjekt og inspirerande år, og eg ser fram til eit nytt år med blogging.


Det blir tre gevinstar. Førstepremie blir denne duken som eg har brodert. Andre og tredjepremie blir kvar sitt par med hakka gryteklutar. Framgangsmåten blir slik som dei fleste andre gjer det:
1 lodd: Ein kommentar på dette innlegget.
2 lodd: Ein kommentar + at du er eller blir følgar.
3 lodd: Ein kommentar + at du er følgar, og at du linkar til innlegget.
For dei som ikkje har blogg, men som har lyst til å delta, send meg ein mail, så er du og med på trekninga. Den blir søndag 31. januar.




23.12.2009

GOD JUL

Ønskjer alle ei riktig god jul, og takk for eit koseleg bloggår :)

19.12.2009

Ullbukser og juledukar

Har strikka to ullbukser og brukt to ulike oppskrifter, så dei vart veldig forskjellege. Den eine vart ein smalare type, og den andre vid. Skal leggja dei ut på Epla for sal.


Her er ein juleduk som eg strikka i fjor, og som passar godt på eit glasbord som eg har.


Og her er ein som eg har brodert etter same mønster som kjøkkengardinene som eg har vist før.


Ellers er julesnøen kome her, men det er heldigvis ikkje så mykje. Ha ei fin førjulshelg :)

05.12.2009

Engleinnlegg

Det har vore så mange koselege innlegg med englar rundt om på bloggane, så eg fekk lyst til å visa nokon av mine englar og. Desse strikka eg for nokre år tilbake etter oppskrift i Familien. Koselege å laga. I oppskrifta var dei laga utan pynt, men noko av det kjekkaste var jo å få pynta dei litt.










Kos dykk med pynting til jul, og ha fortsatt ei fin førjulstid :)

Har de forresten høyrt om epla.no? Det er ein ny norsk nettstad der ein kan kjøpa og selgja handlaga produkt, og ein kan laga sin eigen butikk der. Det er ikkje så lenge sidan den starta, men det er allerede mykje fint å få kjøpt. Diverse ting som eg har i bloggen min, har eg no lagt ut i butikken min på epla. Har du lyst til å ta ein titt, så finn du den her.