22.05.2022

Clutch/sminkevesker


Det er blitt to clutch/sminkevesker med hekla brikker som pynt. Stoffet er lin, og dei er ca 23x14 cm.

Takk for besøket:)

12.05.2022

Babyteppe


Bestemorruter er alltid kjekt å hekla, og denne gongen blei det eit teppe. Det er hekla i 8/4 bomullsgarn, og er ca 80x60 cm.

Takk for besøket :)

27.04.2022

Hekla poncho


Retroinspirert poncho med bestemorruter. Passar til minus/pluss 1 og 2 år, og er hekla i 8/4 bomullsgarn.

Takk for besøket :)

19.04.2022

Villmarksgensar


Ei lita tulle trong ein gensar, og då blei det denne gensaren, Villmarksbarn. Den er strikka i Smart, og oppskrifta er Linka Karoline Helene Neumann si. Og den finn du her.
 

09.04.2022

Hekla nett



Romsleg og nostalgisk nett med bambushankar. Hekla i bomullsgarn 8/6.

God helg :)

01.04.2022

Litt heklekos





Det er blitt nokre små skåler som pyntar opp på påskebordet. Hekla i 8/6 bomullsgarn, og er ca 8,5x4 cm.

God helg :)

26.03.2022

Hekla veske


Veske med litt broderi. Hekla i 8/6 bomullsgarn.

God helg :)

19.03.2022

Makrame


Innimellom er det kjekt med litt makrame, og det blei eit nett som kan brukast som fruktnett, eller til anna ting og tang. Hankane er bambusringar.

God helg :)

12.03.2022

Oppbevaring


Det er kjekt å hekla med båndgarn. Denne gongen blei det ein firkanta kurv med kryssfinerbunn. Fin til oppbevaring av ting og tang. Og den er ca 15x15x8 cm.

God helg :)
 

04.03.2022

Kuvertbrikker


Det er blitt nokre kuvertbrikker i påskefargar. Dei er hekla i 8/6 bomullsgarn, og er ca 34x21 cm.

Takk for at du stakk innom :)

22.02.2022

Redesign


Ei dongeribukse har fått nytt liv, og er blitt til eit barneforkle. Det tåler både tøff bruk og vask.

Takk for besøket :)

12.02.2022

Hekla nett


Det er blitt endå eit hekla nett/skulderveske. Det er hekla i bomullsgarn, og er ca 30x30x80 cm.

God helg :)

30.01.2022

Hekla nett


Det er blitt litt meir hekling. Denne gongen blei det eit nett/skulderveske. Det er hekla i bomullsgarn, og er ca 29x24x60 cm.

Takk for besøket :)

21.01.2022

Makrame


Det er kjekt med litt makrame innimellom, og resultatet blei nokre nøkkelhankar. 

God helg :)

 

15.01.2022

Gensar med stjernemønster



Det er godt å ha gode ullplagg i skapet, og desse passar til ca 3-4 og 5 år.


Dei er strikka i Gjestal pure merino, og oppskrifta finn du her.

God helg :)