06.04.2021

Strikka halsar


Det ser ut som ein enno kan ha bruk for ein god hals framover, for her er det full vinter.




Det blei fire i ulike størrelsar, ca 1-2, 3-5, 6-9 og 10 år og oppover.


Alle er strikka i Drops big merino, og oppskrifta ligg her.

Så kjekt at du stakk innom :)

28.03.2021

Tunisisk hekling


Det er blitt litt meir tunisisk hekling, og denne gongen i eit mønster som kjem best fram i to fargar.


Eg valde og ulik farge på kvar side.


Vil ein ha den som strikkeveske, er det plass til to nøster oppi.


Dei er hekla i bomullsgarn, og er ca 20x14 cm.

GOD PÅSKE 


20.03.2021

Litt småstrikk


Vanlege ullsokkar er populært, og det er blitt litt påfyll. Det blei eit par i rosa, ca str 38.


Og eit par med striper, i ca str 45.


Så har eg strikka eit par gryteunderlag. Dei er strikka i stoffgarn, og blei tjukke og gode.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

 

13.03.2021

Hekla eggeglas



Litt heklekos i diverse påskefargar blei til desse eggeglasa. Dei er hekla i bomullsgarn som passar til heklenål nr 3,5. 

Takk for at du stakk innom, og god helg :)



 

08.03.2021

Babyteppe med markblomster


Våren er i emning, og eit teppe med markblomster er kome av pinnane.

Tenkte det ville passa med eit fleirfarga garn, og valet fall på garnet Nordlys. Syns det har fine fargekombinasjonar og overgongar til ny farge.

 Oppskrifta er klar, og den ligg her på Strikkoteket.

Så kjekt at du stakk innom :) 

27.02.2021

Pute i tunisisk hekling


Det er blitt ein pute i tunisisk hekling, og det er kjekt å prøva med ulike mønster.


Baksida ser slik ut, og kan jo gjerne brukast på den sida og. Puten er hekla i bomullsgarn, og er ca 30x30 cm.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

16.02.2021

Hekling igjen


 Denne gongen blei det ein panda, og det var kjekt å sjå den bli til etter kvart. Den er hekla i bomullsgarn som passar til heklenål nr 3,5. 

Oppskrifta har eg lagt ut her.

Takk for at du stakk innom :)

06.02.2021

Barnehuer med trekantmønster

 


Det er blitt nokre fleire huer, men denne gongen til barn. 


Dei er strikka i Lima, som eg syns er eit godt garn til uteplagg. Det inneheld 65% ull, og 35% alpakka, og huene passar til barn frå ca 5-9 år.

Har og laga oppskrift, som du finn her.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


30.01.2021

Hekla teppe


Det er alltid kjekt å hekla bestemorruter, og denne gongen blei det eit teppe.


Det er hekla i Baby proof merini, med heklenål nr 3,5.

Takk for besøket, og god helg :)

 

23.01.2021

God og varm

 


Vinteren er slett ikkje over, og det er godt å ha gode ullplagg som varmar.


Desse huene passar til dame, og er strikka med dobbelt garn i Drops flora. Det inneheld 65% ull, og 35% alpakka.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

16.01.2021

Lita veske



Det er blitt litt tunisisk hekling igjen. Denne gongen nokre små vesker med plass til det mest nødvendige. Vil ein bruka den som strikkeveske, er det plass til eitt nøste oppi.





Dei er ca 19x14 cm, og er hekla i bomullsgarn.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

06.01.2021

Godt nytt år


Året startar med eit enkelt babyteppe i rillestrikk. Det er strikka i Mimilano babymerino, 50g/170m, og blei eit lett og mjukt teppe.



Oppskrifta er veldig enkel. Legg opp 110m på rundpinne nr 3,5, og strikk rillestrikk = rettmasker fram og tilbake. Brukte 3 nøster, og strikka til eg hadde nok garn igjen til avfelling. Så vaska eg det, og strekte det i fasong. Då blei det eit mellomstort teppe på ca 60x70cm. Kos deg med strikkinga :)

Tusen takk til deg som var innom bloggen min i året som gjekk. Det blir sett stor pris på :)