28.03.2021

Tunisisk hekling


Det er blitt litt meir tunisisk hekling, og denne gongen i eit mønster som kjem best fram i to fargar.


Eg valde og ulik farge på kvar side.


Vil ein ha den som strikkeveske, er det plass til to nøster oppi.


Dei er hekla i bomullsgarn, og er ca 20x14 cm.

GOD PÅSKE 


20.03.2021

Litt småstrikk


Vanlege ullsokkar er populært, og det er blitt litt påfyll. Det blei eit par i rosa, ca str 38.


Og eit par med striper, i ca str 45.


Så har eg strikka eit par gryteunderlag. Dei er strikka i stoffgarn, og blei tjukke og gode.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

 

13.03.2021

Hekla eggeglas



Litt heklekos i diverse påskefargar blei til desse eggeglasa. Dei er hekla i bomullsgarn som passar til heklenål nr 3,5. 

Takk for at du stakk innom, og god helg :)



 

08.03.2021

Babyteppe med markblomster


Våren er i emning, og eit teppe med markblomster er kome av pinnane.

Tenkte det ville passa med eit fleirfarga garn, og valet fall på garnet Nordlys. Syns det har fine fargekombinasjonar og overgongar til ny farge.

 Oppskrifta er klar, og den ligg her på Strikkoteket.

Så kjekt at du stakk innom :)