16.01.2021

Lita veske



Det er blitt litt tunisisk hekling igjen. Denne gongen nokre små vesker med plass til det mest nødvendige. Vil ein bruka den som strikkeveske, er det plass til eitt nøste oppi.





Dei er ca 19x14 cm, og er hekla i bomullsgarn.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

06.01.2021

Godt nytt år


Året startar med eit enkelt babyteppe i rillestrikk. Det er strikka i Mimilano babymerino, 50g/170m, og blei eit lett og mjukt teppe.



Oppskrifta er veldig enkel. Legg opp 110m på rundpinne nr 3,5, og strikk rillestrikk = rettmasker fram og tilbake. Brukte 3 nøster, og strikka til eg hadde nok garn igjen til avfelling. Så vaska eg det, og strekte det i fasong. Då blei det eit mellomstort teppe på ca 60x70cm. Kos deg med strikkinga :)

Tusen takk til deg som var innom bloggen min i året som gjekk. Det blir sett stor pris på :)