25.11.2010

Hekla pynteskåler


Eg held framleis på med same oppskrift som i tidlegare innlegg.


Denne gongen vart det pynteskåler.


Dei er hekla med dobbelt bomullsgarn, og kan vaskast på 60 grader.


Den eine er ca. 8 cm, og den andre er ca. 9 cm i diameter.


Dei kan fyllast med gotteri, eller brukast til anna ting og tang. Eller dei kan berre stå til pynt.


Så har eg og hekla nokon gryteunderlag. Dei og er i same oppskrift.


Desse småtinga passar godt som vertinne/veninnegåver, og som smågåver til jul. Alt er kome på plass i butikken min.

Ynskjer alle ei fin adventshelg :)

19.11.2010

Diverse glasbrikker


No har eg hekla ein del glasbrikker i det same mønsteret som før. Sidan det snart er jul, så vart det litt julefargar på nokon av dei. Dei blir vel lagt ut på epla i løpet av helga, og eg sel dei i pakkar på seks stk.




Sidan det snart er advent, så vart det nokon i adventfargar og.

Det kan jo og vera greit å ha nokon som kan brukast heile året.



Alle er hekla i bomullsgarn, og kan vaskast på 60 grader.


Så var eg så heldig å få pakke i posten i dag. Eit par flotte sokkar strikka i 80% babyalpakka, og 20% silke :) Det må jo bli mjukt og godt. Var med på ei utlodning på ein koseleg blogg som heiter Hima på Høyvik. Dei er nok for store til meg, men eg har fleire som dei passar til, så dei vil nok bli godt brukte :)

Ynskjer alle ei fin helg :)

12.11.2010

Julekuler igjen


Så vart det endå fleire julekuler herifrå. Koseleg småplukk som ikkje krev den heilt store konsentrasjonen. Alle er hekla i bomullsgarn, i same oppskrift som før.


Dei er allerede lagt ut i butikken min.


Desse vottane har eg blogga før. No skal dei same veg som kulene og PC-trekket under.


Det har vore ferdig ei stund, og er akkurat same oppskrift som dei andre eg har laga, og dei passar til ein 10" PC.


Eg har sydd på solide trykknappar.


Har og hekla ein liten innerlomme, der det er plass til minnepinne eller andre datadippeduttar.

Ynskjer alle ei fin helg og førjulstid :)

07.11.2010

Småplukk igjen


Her er endå litt meir småplukk frå meg.


Fekk lyst til å prøva meg litt meir med julekuler.


Det vart ei lita korg til kvar kule.


Oppskrifta er fortsatt den same som til smilefjesa og brikkene.


Men når eg er ferdig med å auka, så heklar eg berre i bakre maskeledd.


Både på kulene og korgene har eg hekla ein omgang meir med auking enn på smilefjesa.


Så har eg klargjort desse vottane og lagt dei ut i butikken min.