Viser innlegg med etiketten Baby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Baby. Vis alle innlegg

30.01.2021

Hekla teppe


Det er alltid kjekt å hekla bestemorruter, og denne gongen blei det eit teppe.


Det er hekla i Baby proof merini, med heklenål nr 3,5.

Takk for besøket, og god helg :)

 

11.11.2020

Engleteppe

 

Alle babyar treng tepper, og det er alltid ei fin gåve å gje bort. Dette teppet blei fullt av englar.  



Det er strikka i babyull på pinnar nr 3, og oppskrifta finn du her.

Takk for at du stakk innom :)

21.09.2020

Blomstereng


 Eg har strikka eit babyteppe som har fått namnet blomstereng.

Det er strikka i babymerino, på pinnar nr 3, og oppskrifta er klar her.

Takk for at du stakk innom :)

05.09.2020

Nyføddpose


 Ein liten nyføddpose som er enkel å ta på og av.


Den er strikka i Big merino på pinnar nr 4.

Takk for besøket, og god helg :)

05.10.2010

Babysett


Har strikka dette settet til bestemorguten.


Hadde ikkje mønster, men tok maskeantal frå ei anna oppskrift.


Fann ut at eg ville ha lommar på den, og eg strikka ein liten bamse som fekk plass der. Kjøpte koselege bamseknappar, og sydde ein på kvar lomme og.


Strikka stolpane samtidig, og for å få dei til å festa seg til jakka( sidan dei er ein anna farge), så snudde eg trådane om einannan på vranga. Det fungerte bra.


Kragen, brota og stolpane er i perlestrikk, og eg har brukt raglanfelling. Synest det er ei god felling til barn.


Kjekt at slike smetteskjerf er i vinden igjen.


Og her er vottane med knyteband, så dei held seg bedre på plass.


Slik bamse hugsar eg ungane strikka på skulen, så eg prøvde å hugsa korleis dei var, og resultaet vart slik.


Eg hadde ikkje strikka hue til settet, men ein kveld så vart det ei av restane likevel. Av den siste enden av tråden broderte eg ein enkel bord rundt. Eg trudde eg hadde strikka den altfor stor, men bestemorguten har blitt så stor at den passa akkurat. Den er strikka i dobbel tråd, så den er tett og god.

31.08.2010

Vottar og siklesmekker


Det er ikkje dei heilt store prosjekta her for tida. Har strikka nokre vottar i størrelse ca. 1/2- 1 år. Dei er strikka i Tiur Dalegarn på p. nr. 3. Har ikkje noko oppskrift, men det er heilt enkle vottar med ei holrad med snor i, så dei set litt bedre på.


Her kan de sjå korleis eg gjer det når eg markerer der tommelen skal vera. Det er sikkert fleire måtar å gjera det på, men her er slik eg brukar.


Dette er jo små vottar, så eg vurderte at det var nok å setja av 6 masker til tommel. Då strikkar eg til det er 6 masker igjen på eine sida. Så tek eg ein trådende i ein anna farge og strikkar dei 6 maskene.


Så tek eg dei 6 maskene inn på ein anna pinne. Deretter tek eg den grå tråden som eg strikkar med, og strikkar over dei seks maskene.


Dermed er dei 6 maskene strikka mellom to omgangar, og kan lett trekkast ut når tommelen skal strikkast. Eg brukar og å ta opp nokre masker på sidene der tommelen skal vera. Her enda eg opp med 16 masker til tommelen, og syntest det passa bra.


Så har eg sydd to siklesmekker til. Denne gongen kjøpte eg plastbelagt frotte til å ha på baksida, men eg let frotteen venda ut. Likevel la eg inn eit lag med vanleg frotte denne gongen og. Desse to er lagt ut på Epla.

18.08.2010

Siklesmekker


Det er lurt å ha, så ein ikkje blir våt og kald på brystet. Har sydd to siklesmekker til bestemorguten. Stoffet er kjøpt på Panduro, utan at eg visste at det var dette eg skulle bruka det til.

Eg var usikker på kva fasong dei skulle ha, og korleis eg skulle sy dei. Men her er det eg kom fram til.



Eg brukte tre lag med stoff. Tjukt bomullstoff til bakside (gjenbruk). Frotte i mitten (gjenbruk), og til slutt stoffet frå Panduro. Sikka gjennom alle tre laga før eg sydde på blonden.


Her kan de sjå at mønsteret som eg har laga, er ganske enkelt to sirklar. Til den største brukte eg ein middagstallerk, og til den minste ei lita skål.



Så har eg laga ferdig to sett med klutar igjen.


Dei har allerede fått seg ein ny heim.

16.05.2010

Litt av kvart

Har strikka to ullbodyar til bestemorguten. Han var fødd seks veker for tidleg, så eg fann ikkje noko mønster som var lite nok. Så dette er ei blanding av body-og ullskjorte, som eg har forminska ein god del. Likevel er det rikeleg stort. På armane plukka eg opp masker øverst og strikka framover, og på skuldrane har eg brukt maskesting. Så det er ingen saumar.






Så har eg kjøpt meg hode for å ha til sjala mine. Det er av isopor, men det eg ikkje tenkte på då eg bestilte det, var at eg burde hatt eit med sokkel , for då hadde sjala lagt seg finare rundt. Men, men, eg får greia meg med det ei stund. Lurer du på kvar eg har kjøpt det, så finn du det her på eBay, og det kosta under 100-lappen.

16.04.2010

Å verta bestemor

Tenk å verta bestemor.
Å få halda eit under i armane sine.
Å få kjenna den nye mjuke huda mot si.
Å ynskja at det må gå vel med dette barnet.
Dette ser eg fram til, for eg er blitt bestemor.







18.02.2010

Litt småting igjen


Har sett så mange fine smekker rundtom på bloggane, så eg fekk lyst å prøva å strikka nokre eg og. Dei er strikka i rillestrikk, og som de ser, så har eg strikka dei på langs. Har pynta dei med ein elefantknapp.


Her er to par leggvarmarar til litt større barn. Strikka i 50% ull, 30% polyamid, og 20% alpakka. Mjuke og gode. Tinga er lagt ut på Epla. Ynskjer alle ei riktig fin helg :)

03.02.2010

Babyting


At dei var enkle å ta på, men likevel sat godt, var meininga med denne oppskrifta. Derfor starta eg med å strikka glattstrikk så det vart ein rullekant. Deretter strikka eg vrangbord med ei holrad på mitten. I holrada tvinna eg ei snor og tredde i. Her til er det lik oppskrift på vottane og sokkane. Så strikka eg vottane utan tommel, og foten på sokken er vanleg sokkefot. Strikka i Merino babyull på pinne nr. 2,5. Dei blir lagt ut på Epla.

19.12.2009

Ullbukser og juledukar

Har strikka to ullbukser og brukt to ulike oppskrifter, så dei vart veldig forskjellege. Den eine vart ein smalare type, og den andre vid. Skal leggja dei ut på Epla for sal.


Her er ein juleduk som eg strikka i fjor, og som passar godt på eit glasbord som eg har.


Og her er ein som eg har brodert etter same mønster som kjøkkengardinene som eg har vist før.


Ellers er julesnøen kome her, men det er heldigvis ikkje så mykje. Ha ei fin førjulshelg :)