30.05.2021

Topp med stjernemønster


Det er blitt litt småstrikk, og det blei ein topp med eit enkelt stjernemønster.


Den er til ca 1 og 2 år, og er strikka i Baby proof merini. Oppskrifta er klar her.

Så kjekt at du stakk innom :)

16.05.2021

Hekla teppe

 Eg har hekla eit teppe i litt spreke fargar. Var litt spent på resultatet, men eg er fornøgd.

 

Det er hekla i 55% bomull, og 45% merinoull. 

Så kjekt at du stakk innom :)


07.05.2021

Pute i tunisisk hekling


Det er blitt ein pute i tunisisk hekling igjen. Denne gongen i eit mønster som kjem best fram med to fargar.
 

Det er og ulike fargar på kvar side, så det er enkelt å fornya puten.

Den er hekla i bomullsgarn, og er ca 30x30cm.

Så kjekt at du stakk innom :)

01.05.2021

Hekla veske



Det er blitt ei hekla veske igjen. Den kan brukast både med ein og to hankar.


Det er berre å dra den slik ein vil ha den.


Den er hekla i bomullsgarn, og er ca 22x22 cm.

Så kjekt at du stakk innom :)