18.06.2014

Sommarvesker

For ei stund sidan kjøpte eg litt Paris bomullsgarn for å prøva det.

Det er litt tjukkare enn vanleg bomullsgarn, så eg brukte heklenål nr 4.
Resultatet blei to hekla vesker i ulike fargar.
Dei har vore ferdige ei stund, bortsett frå at dei no fekk seg kvar sin innerlomme.

I den er det plass til mobil eller andre småting.
Grei sommarveske når du ikkje treng ha så mykje med deg.
Og den tek liten plass som ei ekstra veske i bagasjen.

Eg har fått spørsmål om korleis eg har hekla blomsten på veska, og om eg har brukt ei oppskrift til den. Det er mi eiga oppskrift, og den er veldig enkel å hekla. Slik er den:
Hekle 4 lm. Ta saman til ein ring.
Hekle 8 fm i ringen.
Hekle 1 fm, 2 fm i neste m, ut omg. (12 fm)
Hekle 3 lm, 1 fm i neste fm, ut omg.
Lukke til med heklinga :)

Ynskjer alle ein fin sommar :)

05.06.2014

Små posar

Då har eg sydd nokre posar igjen. 
Dei er ganske små, ca 20x 18 cm.
Og det var eit fint prosjekt for små stoffrestar.
Dei kan vera greie å ha til ein liten handarbeidspose, men dei er jo og fine til å halda orden på ting og tang, både heime og ute på tur.


Ellers er det herleg med så fine dagar for tida. Håper dei varer ei stund til.

Takk for besøket, og god pinse :)