Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikking. Vis alle innlegg

08.03.2021

Babyteppe med markblomster


Våren er i emning, og eit teppe med markblomster er kome av pinnane.

Tenkte det ville passa med eit fleirfarga garn, og valet fall på garnet Nordlys. Syns det har fine fargekombinasjonar og overgongar til ny farge.

 Oppskrifta er klar, og den ligg her på Strikkoteket.

Så kjekt at du stakk innom :) 

06.02.2021

Barnehuer med trekantmønster

 


Det er blitt nokre fleire huer, men denne gongen til barn. 


Dei er strikka i Lima, som eg syns er eit godt garn til uteplagg. Det inneheld 65% ull, og 35% alpakka, og huene passar til barn frå ca 5-9 år.

Har og laga oppskrift, som du finn her.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


27.10.2020

Endå ein vest


Vest er eit veldig praktisk plagg, og det er kjekt at det er blitt så populært igjen. Her har eg strikka ein versjon med trekantmønster.


Dei er strikka i Adlibris baby proof merini, på pinnar nr 3 og 3,5, og er til ca 2 og 3 år.

Takk for at du stakk innom :)

11.10.2020

Enkel vest med båthals


Det er populært med vest igjen, og eg har strikka ein enkel versjon med båthals.


Det blei to stykk i ca 2-3 og 4-5 år, og dei er strikka i Sandnes alpakka. Oppskrifta har eg lagt ut her.

Takk for at du stakk innom :)

24.01.2020

Strikka vestar


For ei stund sidan strikka eg og laga oppskrift til slike vestar. Då strikka eg dei i Drops babymerino.


No ville eg strikka nokre som var større, så då brukte eg same oppskrift, men med tjukkare garn. Garnet eg har brukt, er Drops sin ekstra fine merino, og oppskrifta finn du her.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

07.01.2020

Mariuskjole


Det blei ein Mariuskjole til bestemorjenta til jul. Eg gjorde litt endringar på bærestykket, med ei enkel rad mønsterstrikk, og perlestrikk i staden for riller. Den passa fint, og ho har litt å veksa i.


Kjolen er strikka i dobbel babyull på pinnar 3,5 og 4.

Ynskjer deg eit kreativt og godt nytt år :)

13.12.2019

Julekuvertbrikker


Kuvertbrikker er veldig praktiske å bruka, og her har eg strikka ein juleversjon med hjarter på eine sida. Dei er strikka i Linde ren bomull, og er ca 25x38cm.

Ynskjer deg ei god førjulstid :)

11.03.2019

Gensar med bladmønster



Det blei ein gensar til meg sjølv igjen. Eg ville ha den litt lang, og er veldig fornøgd med det.


Det er bladmønster framme og på armane, og i-cord rundt halsen.


Eg har strikka den i Sandnes alpakka, og det er mi eiga oppskrift.

Takk for at du stakk innom :)

17.11.2018

Babytrøyer


Eg har strikka nokre fleire plagg som bestemorjenta har fått. Slike trøyer er jo så kjekke å strikka, og så kjekt å finna fine knappar som passar til.


Begge  er strikka i Drops babymerino, på pinnar nr 3.

Ser og at eg har fått ein ny følgar. Det er kjekt. Velkomen til deg :)

Takk for besøket, og god helg :)

05.11.2018

Endå eit teppe


Det er så kjekt å strikka babytepper, og det er jo noko alle babyar treng. Dette har eg strikka i Lerke på pinnar nr 4, og det inneheld 52% merino og 48% bomull. 


Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for besøket :)

21.09.2018

Ullbukse/romper prematur/liten nyfødd


Eg har strikka nokre fleire småplagg til dei aller minste.


Kjekt og praktisk med plagg som ikkje er altfor store i starten, og kjekt å ha litt på lur i gåvekassen.


Det er same oppskrift på begge to bortsett frå beina. 


 Dei er strikka i Drops baby merino, og oppskrifta finn du her.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

16.09.2018

Endå ein gensar


I sommar har eg fått sansen for bomull/lingarn, så eg har strikka endå ein gensar i dette garnet. Det er Drops sitt garn, og inneheld 53% bomull, og 47% lin.



Eg har brukt same grunnoppskrift som på den første, men endra på hals og mønster. Du kan sjå den her.


Eg har nok garn igjen av begge fargane til ein gensar med striper, så kanskje det blir ein til.


Takk for at du stakk innom :)

03.08.2018

Gensar i bomull-lingarn



Eg har strikka meg ein gensar i Drops sitt bomull-lingarn. Oppskrifta blei til underveis, og heile gensaren er strikka på pinnar nr 4.


Sidan det er ein gensar som vil bli brukt mykje om sommaren, valde eg å strikka 3/4 armar. Det er eg veldig fornøgd med.


Strikka eit enkelt mønster nede, og litt av det i halsen.


Felde av med i-cord for å få ein litt stødig og fin hals.


På slutten av tørkeprosessen hadde eg den inni tørketrommelen. Det gjorde at den blei litt mjukare, og den er behageleg rett på kroppen. Den har allerede vore i bruk, og eg syns den blei både lun og luftig, og varmar akkurat passe.

Takk for at du stakk innom :)


12.07.2018

Endå eit strikka nett


Denne gongen blei det nett med to hankar. 


Dei egnar seg godt til garn og strikkeprosjekt, men kan sikkert brukast både som eit lite handlenett, til ein tur på stranda, eller til anna ting og tang.


Dei er strikka i Tuva bomullsgarn, og er ca 40cm lange når dei ligg slik. Dei utvidar seg i breidda med noko inni.

Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for at du stakk innom :)

05.03.2018

Marius leggvarmarar


Her bit kulden seg fortsatt fast, så det er berre å strikka tilbehør og pakka seg godt inn.


Det eine paret er strikka i Viking sportsragg, og det andre i Østlandsgarn.

Ynskjer deg ein fin dag :)

16.02.2018

Gult er kult


Eg hadde nokre gule hesper med tjukt garn utan magebelte. Trur kanskje det var Trollgarn/Hillesvåg.


No er dei gjort om til to sitjeunderlag i påskefarge.


Dei blei tjukke og gode, og vil nok varma godt.

Takk for besøket, og god helg :)

06.02.2018

Herrevottar


Lageret med herrevottar var forlengst tomt, så det var på tide å strikka nokre fleire par. 


Dei er strikka i Østlandsgarn, og det er enkle mønster som blir til etter kvart. 

Takk for at du stakk innom :)

14.01.2018

Vaskevott



Det var tomt for vaskevottar, så eg har strikka nokre fleire. Dei er strikka i rillestrikk med dobbelt bomullsgarn i to ulike fargar. Har og hekla ei hempe for oppheng.


Dei er gode å bruka både i dusjen og ellers.


Og dei kan vaskast på 60 grader. 


Ha ein fin søndag :)

10.11.2017

Enkelt sjal


Eg har strikka eit enkelt, men godt og varmt sjal i rillestrikk.


Garnet eg har brukt er Eventyr blandingsgarn av 70% ull, og 30% nylon.



Det er strikka på pinnar nr 4, eit nr større enn anbefalt på garnet. Eg brukte 3 nøster, og det blei ca 180 cm breidt, og ca 70 cm langt. Brukar ein tjukkare garn, går det jo endå raskare å strikka. Kanskje eit tips til julegåve.

Slik strikka eg det:

1 omg: legg opp 3 m.

Ta første m laus av på kvar pinne.

2 omg: str r tilbake.

3 omg: str r til du har 1 m igjen på pinnen. Lag eit kast, og str den siste m. Gjenta denne omg til sjalet er så langt som du vil ha det. Fell av.

Vask det, og strekk det i fasong.

God helg, og kos deg med strikkinga :)