30.10.2009

Fleire gryteklutar

Her har eg hekla fire par gryteklutar til i ulike fargekombinasjonar. Dei sel eg for 100 kroner pr. par.








Og eg har strikka eit handkle til. Denne gongen i svart farge. Det er same pris som før: 140 kroner for eitt, og 250 kroner for to.

20.10.2009

Gimpa pute

Kom på at eg hadde ein gimpegaffel som det er lenge sidan eg har brukt. Var spent på om eg hugsa igjen korleis det var. Eg rota litt med det same, men eg trur eg fekk det til. Det kan jo henda at det er fleire måtar å gimpa på og, men dette er slik eg kan det.
Dette er jo ein gamal handarbeidsteknikk som kanskje ikkje blir så mykje brukt lenger, men det skal gå an å kjøpa gimpegaflar i ulik breidde.
Når ein gimpar, så brukar ein ei heklenål saman med gimpegaffelen. Ein legg garnet rundt gimpegaffelen, heklar inni den, og snur gaffelen same veg rundt for kvar omgang. Derfor får ein desse løkkene på sidene. Det er desse løkkene ein brukar når ein heklar saman remsene.


Her prøver eg å visa korleis eg heklar dei saman.


Her ser de ei av lengdene på gimpegaffelen.


Her har eg teke den av, og då ser den slik ut. Eigentleg så snurrar den seg som ein spiral når ein tek den av. Det er ganske fint, så det går nok an å berre gimpa slike lengder, og bruka dei til diverse pynt, på bord, dekorasjonar, pynt på gåver, ja det er vel berre fantasien som set grenser. Som de ser, så har eg brukt eit litt tjukt ullgarn til puten. Dersom eg hadde brukt eit tynnare garn, så ville mønsteret blitt luftigare.


Så har eg hekla tre par gryteklutar til i ulike fargar, men brukt det same mønsteret.


Prisen er som før: 110 kroner pr. par.





Til slutt har eg strikka eit handkle til. Det og har same pris som før: 140 kroner for eitt, og 250 kroner for to.

13.10.2009

Gryteklutar

Å hekla gryteklutar er alltid koseleg syssel. Eg ser og at det er svært populært på bloggane. Her har eg hekla tre par i ulike fargekombinasjonar.


Eg sel alle tre para, og prisen er 110 kroner pr. par.









Så har eg og strikka to handkle til. Same pris som før: 140 kroner for eitt, og 250 kroner for to.

10.10.2009

Hyllebærgele

Tenkte eg ville prøva å laga litt hyllebærgele før det var for seint. Lagde hylleblomstgele- og saft i sommar, og det gav meirsmak til å prøva hyllebæra og.



Hyllebæra vart brukt mykje i naturmedisinen i gamle dagar, og eg ser at det er diverse hyllebærprodukt å få kjøpt som helsekost. Dei skal visst vera gode mot diverse plager, uten at eg kan så mykje om det.



Eg plukka ei lita panne med klaser, og sette i gong. Brukte oppskrift på vanleg gele, men smakte den til med sitronsyre. Resultatet vart brukbart. Det vart ein mørk gele med mykje smak.


Artig at det går an å laga både hylleblomstgele av hylleblomsten, og hyllebærgele av hyllebæra. Og begge sortane kan brukast både som pålegg, eller som eit friskt tilbehør til diverse matrettar.

02.10.2009

Pulsvarmarar

Har strikka desse tre para med pulsvarmarar. Dei er strikka i rillestrikk på langs. Det gjer at dei er veldig elastiske, og ein treng verken auka eller fella. Oppå har eg hekla på ein blomst. Strikka i Dalegarn og Juvel. Mønsteret har eg laga sjølv. Sel dei for 130 kroner pr. par.


Det nederste paret på bilete er noko større enn dei to andre para.



Dei set godt , og er gode å ha på.


Så har eg strikka to handkle til, eit blått og eit raudt. Det er same pris som før: 140 kroner for eit, og 250 kroner for to.