11.08.2017

Ein Marius


Denne Mariusen skal langt avstad.


Dotter mi har ei veninne frå Australia som for tida oppheld seg her i landet. Ho synest Mariusmønsteret er så fint, og kunne tenkt seg ein slik gensar.


No er den ferdig, og eg håper at den passar. Ho har valt fargane sjølv, og det er dei to første bilda som er rett farge. 


For at den skal kunna brukast rett på kroppen utan at det klør, valde eg å strikka den i Drops merino extra fine, og eg valde eit halvt nr tynnare pinnar for å få litt meire hold i garnet. 

Takk for at du stakk innom, og god helg :)