20.02.2014

Gensar

For ei stund sidan strikka eg denne gensaren til eine sonen.

Oppskrift og garn er frå Pickles. Eit flott tweedgarn som var veldig godt å strikka med.

Eg forandra på nokre småting i oppskrifta, for å tilpassa den til han som skulle ha den.

Gensaren har ei annleis raglanfelling som eg ikkje hadde prøvd før.

Han ville ha mulighet til å ha ein tettare hals, så eg sydde i ein knapp, og hekla ei hempe. Eg kunne jo ha strikka inn eit knapphol når eg strikka kragen, men då visste vi ikkje at det vart aktuelt. Og heile kragen er strikka samtidig med bolen, så det var ikkje fristande å ta opp igjen så mykje berre for eitt knapphol.

 Hempa viser, men det var greit. Gensaren er forlengst i bruk, og den fall i smak.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

10.02.2014

Ting og tangposar

Nokre ting og tangposar har sett dagens lys.

Og dei er så lange at dei kan brukast til skoposar. I alle fall til damesko. (ca 24x34cm)

Ellers har vel slike posar mange bruksområder, alt etter behov.

Dei er praktiske til ting og tang når ein er ute på reise.
Og kan vera smarte å bruka for å halda orden på ting og tang heime.

Eller dei kan brukast til gåveposar. 

Og posane er fora med dette,                                             

og dette stoffet.

Ha ei fin veke :)

01.02.2014

Strikk til leger uten grenser

Ingunn med denne bloggen, inspirerte meg til å strikka huer til Leger uten grenser. Du kan lesa meir om dette prosjektet på bloggen her: http://bundingen.blogspot.no/2014/01/babyluer-til-leger-uten-grenser.html.

Dei gjer jo ein fantastisk jobb, og det er kjekt å kunna bidra litt.

Eg har brukt babyull, og strikka med dobbel tråd på pinne nr 4.

Her har eg brukt opp både små og store restar.
Eg prøvde meg litt fram, og enda opp med å strikka dei slik:
Legg opp 56m.
Strikk 10 omg bråt.
Strikk 20 omg glattstrikk.
Fell første maske på kvar pinne til du kjem til toppen.
Dette er ei enkel oppskrift, som kanskje kan brukast som ei grunnoppskrift, og forandrast litt på alt etter kor tjukt garn ein brukar. 

Håper det er mange som kan bidra med dette. God helg :)