30.06.2019

Ankelsokkar


Eg har strikka nokre enkle ankelsokkar. Og med ribbestrikk oppå rista, set dei godt på foten.


Dette er eit fint prosjekt til enkle nøster, for eg brukte i underkant av 50g til eit par.


Dei er strikka i Senja/Siljagarn på pinnar nr 2,5.




Dei er enkle å strikka, og oppskrifta har eg lagt ut her.

God søndag :)

14.06.2019

Trøyer med krage


Desse har eg halde på med ei stund, og no er dei endeleg ferdige.


Det blei litt retroinspirerte trøyer med krage.


Stolpane er strikka samtidig i riller, noko som forenklar  heile prosessen.


Dei er i størrelse ca 0,5 - 1 og 2 år.


Alle er strikka i Drops merino extra fine.

Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk til deg som ser innom, og god helg :)

07.06.2019

Strikka handkle



Eg syns riller alltid er fint, og her har eg brukt det på nokre handkle. Dei er strikka i Linde ren bomull på pinnar nr 3,5.





Og dei er ca 29x42cm.


Hempene er strikka med i-cord.

Eg sel dei for 200kr pr stk, inkludert frakt.

Takk for besøket, og god helg :)