Viser innlegg med etiketten Gjenbruk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gjenbruk. Vis alle innlegg

29.01.2016

Redesign

Det er alltid kjekt å få gode råd og tips frå andre som bloggar. 


Dette tipset fann eg på denne bloggen, og eg visste eg hadde to fleecegensarar i skapet som ikkje hadde vore i bruk på ei stund.


Dette er den med høg hals og glidelås. Eg klipte av halsen og glidelåset, og skråa den oppover frå der glidelåset starta.


Denne klipte eg berre opp framme, og sydde litt inn armane som var for vide. Eg er fornøgd med resultatet, og trur det blir gode slengepåsegjakkar som vil bli mykje meir brukt.

Ellers merkar eg at Tor er på veg. Håper  det berre blir ein snarvisitt. 

Takk for at du stakk innom, og god helg :)




17.02.2015

Gjenbruk

Det er alltid kjekt å laga noko av gjenbruksmaterialar.
Denne gongen  er det ei dongeribukse, og heklebrikker frå langt tilbake i tid, som er blitt til oppbevaringsposar.

Posane er fora, og kan vel brukast til litt av kvart, alt etter behov. 

Takk for besøket, og ha ein fin kveld :)



13.03.2014

Litt gjenbruk

Dei er så kjekke å sy desse posane, så eg har nok fått litt dilla. Og så kan dei brukast til alt muleg. Denne gongen har eg brukt einsfarga stoff, og pynta dei med diverse gjenbruk.

Eg hadde nokre gamle broderte putar, og klipte ut det broderiet som framleis kunne brukast.

Det brukte eg på desse to posane.

Diverse heklebrikker som eg hekla for lenge sidan, har eg litt av.

Det blei pynt på desse to. Og alle er fora, men det gløymde eg å ta bilete av. Dei er ca 23x25 cm.

Velkomen til fleire nye som føl bloggen min. Det er kjekt og blir sett stor pris på.

Takk for besøket :)

16.06.2013

Gjenbruk

Eg hadde nokre gamle broderte putar som hadde sett sine beste dagar.

Klipte ut det som var brukande av broderiet, og sydde desse to. 

Eg har enno litt igjen, så det blir kanskje fleire.

Så kjekt at du stakk innom :)






25.05.2013

Inspirasjon

Noko av det som er så kjekt med blogging, er at ein får så mykje inspirasjon frå andre som bloggar.
Her er det Anette med bloggen http://mellomhimmelogjordbaer.blogspot.no/ som har inspirert meg. Ho har fleire innlegg  om korleis ho på ein enkel måte fornyar ting og tang. 
Eg hadde to gamle fat i mildt sagt mindre fine fargar, og fornya dei med maling. 
Diverse skjell på det øverste fatet, er slike som borna samla i oppveksten. Dei vekkjer gode minner, og var kjekke å ta fram.
Alt som er på det nederste fatet, er og slikt som eg hadde. Så det vart ei billig fornying, som ikkje kosta nokon ting.

Tusen takk til Anette for tips, og god helg til alle som er innom :)


19.05.2013

Tova brosjer

Eg hadde nokre kjøpegensarar i ull som ikkje var i bruk lenger, og  lurte litt på om eg kunne gjera noko nytte av dei. Først fekk dei seg ei kraftig toving.
Etterpå klipte eg ut hjarter i ulike fasongar og storleikar.
Så fann eg fram broderigarnet, og koste meg med brodering.
På baksida har eg sydd på ei brosjenål.
Dette var eit kjempekoseleg prosjekt, og eg har mykje tova ull igjen.

Og endeleg sol og sommar :)

God pinsehelg :)

18.11.2012

Gjenbruk

Vil du ha ein original og gjenbruksvenleg oppbevaring til korta dine no i julehandelen, er desse ein god ide.

Dei er praktiske, har to rom, og har plass til både kort og sedlar.

Dei blir lukka med ein trykknapp.

Og det er mange sortar å velgja mellom.

Kor lenge dei varer, vil vel avhenga av bruken.

Men kartongane er jo ganske kraftige, så eg vil tru dei held ei god stund.

Kanskje ei original gåve til miljøbevisste.

Eller til den som har alt.

Du vil etter kvart finna dei her.

Takk for koselege kommentarar på gensaren i forrige innlegg :)

Ynskjer deg ein fin søndag :)

25.08.2012

Endå fleire rosinboksar

Eg fekk sjølvsagt dilla på å hekla trekk til rosinboksar, etter å ha hekla til ein i forrige innlegg.

 Boksane er i grunnen veldig praktiske og fine til oppbevaring av diverse hobbyting, eller anna ting og tang.

Litt finjustering og forandring denne gongen, ellers er dei ganske like.

Dette er jo og eit fint restegarnprosjekt.

Slik gjer eg det: Legg opp 50 lm med heklenål 3,5. Antal lm og heklenål må du tilpassa garnet som du brukar. Det må vera litt stramt så det sit godt. Hekle stavar til trekket er langt nok. Her har eg hekla ei rad med krepsemasker til slutt.

Ynskjer deg ei fin helg :)


04.08.2012

Gjenbruk og pads

Gjenbruk er alltid like aktuelt, og det er kjekt å finna nye måtar.

Etter å ha strikka ein del pads, fann eg ut at det kunne vera lurt å laga ei oppbevaring til dei.

Det resulterte i desse posane av tynne gjenbruksplagg. Dei er ikkje fora, for meininga er at dei skal ta minst muleg plass.

Etter gjenbruk av diverse bukser, blir det ein det lommar til overs. Sydde dei saman, og pynta dei litt på framsida.

Både posane og lommane tek liten plass, og er enkle å ha med seg veska/bagasjen.
Brukte ei hempe som var på buksa, og sydde den på bak, slik at den kan henga open på ein knagg på badet lett tilgjengeleg.
Sydde i trykknapp til lukking.

Noko av dette vil ein etter kvart finna igjen både her og her.

God helg, og takk for at du stakk innom :)




17.07.2012

Litt ordning og fiksing

Eg hadde eit par gensarar og ein topp som var for korte, men fordi eg likte så godt fasongen på dei, hadde eg ikkje lyst til å kvitta meg med dei.

Diverse bomullsgarn hadde eg, og denne gensarsen som var i eit tynt stoff, fekk ein heklablonde i tynt bomullsgarn.

Denne gensaren var tjukkare, så her vart det ein enkel forlengelse i litt tjukt garn.

Og til slutt ein topp som fekk ein luftig kant nede.

Fortsatt god sommar og ferie :)

11.03.2012

Gjenbruk av duk

Eg hadde ein gamal duk med rustflekkar som eg ikkje fekk av. Syns likevel den var for fin til å kasta, fordi den hadde så nydeleg broderi.

Fann ut at eg måtte prøva å laga noko av den, og resultatet vart desse.

Broderietui/mappe med eit nålebrev til kvart.

Kan og sjølvsagt brukast til anna ting og tang.

Det var nok litt tilfeldig kvar brodeiet kom, på grunn av rustflekkane.

Denne vart lavare og breidare enn dei andre.

Passar godt til å ha brodeigarn i, og eventuelt eit lite broderi.

Eller eit lite hekleprosjekt.

Her er alle nålebreva, og korleis dei ser ut inni.

Og til slutt vart det to små etui av resten. 

Nokre av desse blir nok lagt ut i  hobbybutikken min etter kvart.

Ha ein fin søndag :)



26.11.2011

For den miljøbevisste

Tusen takk for positiv respons på dei første korthaldarane som eg laga :) No er julekartongane kome i butikkane, og som alltid er det koselege bilete av diverse nissar utanpå. Då er det kjekt å laga korthaldar med julemotiv. 

Her  er det nissemor som strevar til jul, og har hatt eit "lite" uhell med strykejernet :)

Det er to lommar i desse korthaldarane, og dei er ca 9,5x7 cm.

Kanskje ei smart gåve til den miljøbevisste :)

Eller kva med ein nøkkelholsmerka Skyr mysli.

Det fins mange variantar.

Og desse som er på langs, er laga av 1,5 literskartongar. Det er to rom i dei og, og er ca like store som dei andre.

Nokre av dei blir lagt ut på Epla etter kvart.

Tusen takk for alle kjekke kommentarar, og  ei god adventshelg til dykk alle :)