30.11.2017

Leggings til barn


No er tida inne for varme plagg og tilbehør. Og varme leggings er godt å ha i kulden.


Dei øverste her er til dei litt større barna. Dei er ca 30 cm lange.


Og desse til dei litt mindre, er ca 22 cm lange.


Alle er strikka i Drops merino extra fine, og det er eiga oppskrift.


Og dei kan jo brukast både utstrekt eller litt samankrølla.

Ynskjer deg gode førjulsdagar :)

10.11.2017

Enkelt sjal


Eg har strikka eit enkelt, men godt og varmt sjal i rillestrikk.


Garnet eg har brukt er Eventyr blandingsgarn av 70% ull, og 30% nylon.



Det er strikka på pinnar nr 4, eit nr større enn anbefalt på garnet. Eg brukte 3 nøster, og det blei ca 180 cm breidt, og ca 70 cm langt. Brukar ein tjukkare garn, går det jo endå raskare å strikka. Kanskje eit tips til julegåve.

Slik strikka eg det:

1 omg: legg opp 3 m.

Ta første m laus av på kvar pinne.

2 omg: str r tilbake.

3 omg: str r til du har 1 m igjen på pinnen. Lag eit kast, og str den siste m. Gjenta denne omg til sjalet er så langt som du vil ha det. Fell av.

Vask det, og strekk det i fasong.

God helg, og kos deg med strikkinga :)