31.01.2010

Og vinnarane er...

No er dagen komen for å kåra vinnarane av utlodninga som eg har her på bloggen. Det er mange som har vore med, og det synest eg er veldig kjekt. Alt har gått rett føre seg, og vinnarane er desse:

Strikkebesta med bloggen Strikkebesta i bloggverda. Ho vann den broderte duken.
Heidi med bloggen Jubel og garnglede. Ho vann eit par hakka gryteklutar.
Trollkåno med bloggen Troll og ting. Ho og vann eit par hakka gryteklutar.
Sender gevinstane så snart eg får adressene. Gratulerer!

26.01.2010

Pakke i posten

Denne nydelege duken fekk eg i posten i går. Saman med den låg eit vakkert kort, ein pakke kaffe, ei vakker pynta eske med post-it lappar, og ei like fin pynta fyrstikkeske. Og sist men ikkje minst, ein sjokolade. Mmmm..
Eg var så heldig å bli ein av vinnarane på Kjersti M sin blogg. Ho har bloggen Mikkje som er vel vert eit besøk. Ho tryllar fram dei nydelegaste putar, dukar og mykje meir. Og dei er heldige dei som får julegaver hos henne :) Det er første gongen eg har vunne på eit blogglotteri, så dette var gøy. Duken pyntar allerede opp i stova. Tusen takk Kjersti :)

17.01.2010

Panneband og lommebok


Her har eg strikka to panneband i rillestrikk. Har hekla ein kant rundt, og pynta dei med litt broderi.


Som de ser her, så blir det smalare bakover. Derfor passar det vel ekstra godt for dei som har hestehale eller oppsett hår. Det blir festa med ein trykknapp.


Så har eg laga to lommebøker i hakking, og pynta dei med litt makrame på glidelåsen.


Glidelåsen har eg sydd i for hand, og eg har hekla den saman frå utsida. Desse tinga har eg lagt ut på Epla.

03.01.2010

Litt av kvart

Eg har nok vore dårleg på oppdatering i det siste, så her kjem diverse ting og tang samla. Som de ser, er eg enno inni småstrikkperioden min, men det har vore kjekt å laga ting som ikkje tek for lang tid. Her har eg strikka lomme med litt broderi til mobilen.


I staden for å fella av og sy den saman, har eg brukt maskesting og maska den av. Det blir eit finare resultat.


Her har eg strikka to nostalgiske smetteskjerf. Kjekke å strikka.


Og her er ein anna type smetteskjerf med hekla kant rundt. Begge typane smetteskjerf er til barn.


Til slutt nokre par med små sokkar som har lagt seg opp ned!

Alle desse småtinga har eg prisa og lagt ut på Epla.

Meld deg gjerne på utlodninga som eg har i innlegget under.