Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
20.12.2019
01.12.2018
Luke 1
No i adventstida vil eg ha gode prisar på ein del produkt framover. Eg startar med desse fruktnetta. Eit lite og eit stort nett til 130kr, pluss 24kr i porto. Førpris 115kr for det store, og 85kr for det små. Praktiske og luftige til oppbevaring av diverse i kjøleskap eller matbod. Som løk, tomat, poteter osv. Men kan sjølvsagt brukast til litt av kvart.
Det store er ca 20cm høgt, og veg ca 14g. Det små er ca 15cm høgt, og veg ca 9g.
Slik ser dei ut utan noko inni, og dei er strikka i 12/4 bomullsgarn.
Prisen gjeld kun i dag, eller så langt det rekk i løpet av dagen med dei eg har.
Betaling med vipps eller nettbank.
Ynskjer deg ei fin adventstid :)
20.06.2018
Blokkematter
Reklame: Rito Garn&Hobby.
Eg har lenge vore på utkikk etter blokkematter, og no har eg fått meg. Dei er sponsa av Rito Garn&Hobby.
Oppbevaringsposen er med glidelås, så det er eneklt å halda orden på dei når dei ikkje er i bruk.
Kvar matte er 32x32 cm, og 1cm tjukk, og det er 9 stk i pakken.
Slik ser dei ut, og dei har ei glatt og ei ruglete side. Du finn dei her hos Rito Garn&Hobby.
Eg har ikkje noko sjal å visa på blokkematta no, men eg held på med eit som skal blokkast når det er ferdig.
Takk for at du stakk innom :)
21.12.2016
14.08.2015
Litt smågodt
Perlehuset i Oslo har lagt ned den fysiske butikken sin. Blant anna så selde dei ut masse knappar. Og eg kjøpte ein god haug. Her er eit lite utval:
Det er knappar i alle fargar og fasongar, og eg er veldig fornøgd med det eg fekk. Det blir nok litt sortering etter kvart, så eg får bedre oversikt. No var eg og litt knappelaus, så det var kjekt å få fleire.
Ser eg har fått ein ny følgar. Det er alltid kjekt, og velkomen til deg :)
Takk for at stakk innom, og god helg :)
31.07.2014
Ferie
På ynskjelista til bestemorguten sto ein verktøykasse.
Det kunne ikkje bestemor laga, men heldigvis så kunne onkel det. Det var stor stas, og den første som fekk prøva den var lillekanin.
Han trudde nok at han hadde fått seg seng, men etter nokre dagar måtte han flytta ut av den for å gje plass til diverse verktøy.
05.12.2013
Dreamz rundpinnesett
Tenk eg har vore så heldig å vinna dette eksklusive rundpinnesettet frå KnitPro. Det var ei super førjulsgåve, som heilt sikkert vil bli mykje brukt.
Det inneheld 8 par utskiftbare strikkepinnar frå 3,5 til 8mm. Og dei ligg i eit nydeleg plysjbelagt skrin.
Og det er med 4 vaiere, 8 stoppere, 4 nøkler, og eit sett maskemarkører.
Og skrinet låg nedi denne nydelege eska.
Og her ser vi at det fins berre 2000 slike sett, og eg var den heldige som vann eitt av dei :)
Settet vann eg på den kreative bloggen til Strikkespinn. Ho har og nettbutikk.
Tusen takk for gåva. Eg gler meg til å ta dei i bruk, og som namnet seier, er det heilt sikkert som ein draum å strikka med dei :)
Tusen takk for gåva. Eg gler meg til å ta dei i bruk, og som namnet seier, er det heilt sikkert som ein draum å strikka med dei :)
16.08.2013
Litt av kvart
Eg er så heldig at eg har fått to pakkar i posten denne veka. Det er alltid kjekt, sjølv om eg veit kva som er inni. Eller nettopp derfor.
Frå Petrine og Barnum fekk eg denne herlege mini-Barnum. Eg er alltid like fasinert over kor levande ho greier å nålefilta figurane ho lagar.
Greide ikkje å få eit godt nok bilete av han, men han liknar veldig på Barnum som du kan sjå her i bloggen hennar. Tusen takk Gunn, for at du gleda meg slik.
Så var eg så heldig at eg vann denne flotte fotlenka hos krysantemum design. Det er ein japansk fletteteknikk som heiter kumihimo, som du kan sjå meir om her i bloggen hennar. Ho har og ein nettbutikk med flotte produkt. Tusen takk til deg og Line, for flott premie.
Så fekk eg besøk av bestemorguten i sommar.
Og eg hadde hekla denne blekkspruten til han.
Men aller mest var han nok opptatt av bilar.
24.03.2013
26.01.2013
Vil du vera med så heng på
Endå eit inspirerande bloggår er forbi, og det er på tide å gje noko tilbake.
Den eine premien er dette hankledet som eg har sydd.
Stoffet er lin, og det er pynta med blonder.
Den andre premien er denne brikka som eg har hekla.
Den er ca 25 cm i diameter.
Vil du vera med, skriv du berre ein kommentar på dette innlegget. Trekning blir i løpet av neste helg.
God helg :)
19.12.2012
GOD JUL
Takk for eit koseleg bloggår.
Takk til deg som har lagt igjen kommentar.
Takk til deg som føl bloggen min.
Takk og til deg som tittar innom.Og takk til alle kreative bloggarar som eg er innom, og som eg får så mykje inspirasjon frå. Det er så kjekt å vera ein del av dette.
De har alle vore med og gjort dette til eit flott bloggår.
Juleklem og julehelsing frå Bodil :)
27.02.2012
Trekning
Endeleg er eg tilbake etter ei heil veke utan internett! Men no er nytt modem på plass, og alt ser ut til å fungera som det skal. Jippi :))
Trekninga som skulle vera her i går, kjem no, og alt har gått rett føre seg.
Førstepremien går til Ragnhild Rønning med bloggen Naturlig rosa. Ho vinn nålebrev og klut.
Andrepremien går til Kjersti M med bloggen mikkje. Ho vinn korthaldar og klut.
Send meg adressene, så kjem premiane i posten. Takk til alle som var med, og takk for koselege kommentarar :)
No må eg inn i bloggland og sjå på alt det fine de har laga den siste veka :)

11.02.2012
Vil du vera med så heng på
Hei alle bloggvener :)
No har eg blogga i 3 år, og det er min tur til å gje noko tilbake. Det har vore tre fantastisk kjekke år, og det er alle dykk i bloggverda som fortjener ein takk for det :)
Den første som blir trekt ut, får eit nålebrev, og ein av dei hekla klutane mine.
Inni nålebrevet har eg strikka ein lapp i bomullsgarn til å festa nåler, maskemarkørar osv. Det blir lukka med ein trykknapp. Det tek liten plass, og kan brukast både i handarbeidsmappa/posen, og i håndveska.
Alle som legg igjen ein kommentar på dette innlegget er med.
Trekning blir søndag 26. februar.
God helg og morsdag :)
18.12.2011
22.02.2011
Gratulerer med dagen!
Heiheihei bloggfolks! Svanhild speaking, dottera til Bodil.
Gratulerer så mykje med dagen din, Mamma!
Du er verdens beste (om ein ser vekk frå mas om å hjelpe til med bloggen. Heheheee). Eg hadde mine tvil om at eg skulle bli ferdig med årets bursdagsgåve til deg, men det ser ut som om eg klarte å komme i mål! Har pønska på dette lenge, og har no gjort ein skikkelig heftig innspurt dagen før dagen. Håper du får ein fin bursdag, og at du har laga deg ei god kake! Skulle gjerne sagt at det var trist eg ikkje får vere heime på bursdagen din sidan eg ikkje bur heime lenger, men som vi begge veit, klarer eg alltid uansett å reise vekk på vinterferie på dagen din.
Gratulerer med nytt design på bloggen din, håper du er nøgd med det (etter mykje slit og strev frå mi side)! Gla i deg. Stor klem frå Svanhild :)
(Dersom du ser dette før du fer på jobb, ikkje prøv å kontakte meg på nokon måte, eg har fri og vil sove til 11).

05.02.2011
Blog2print
Å kjøpa bloggen sin i bokform synest eg er ein god ide, og eg ser at det er mange som gjer det.
Kvaliteten på bøkene er god, og det er tjukke ark som tåler å bli bladd i. Eg synest og at bileta er bra kvalitet, men det er ikkje så lett å få vist her.
Bøkene er kjekke å ha som oppslagsverk når PC-en ikkje er i nærleiken.
Her er det oppskrifter på både strikking og mat.
Det er og eit register framme i boka, så det er enkelt å finna fram til det ein er ute etter. Lurer du på kvar du får kjøpt den, finn du link til høgre i bloggen min: Blog2print.
Ynskjer alle ei flott helg :)
01.02.2011
Og vinnarane er
No har eg trekt vinnarane av lotteriet mitt, og dei som vann var desse:
Muffin med bloggen Muffins verden vann løparen.
Ruths datter med bloggen Ruths datter vann garnet som eg har spunne.
Marit Johanne med bloggen Marits hobbyblogg vann klutar og kjøleskapmagnetar.
Gratulerer til vinnarane :) Sender gevinstane når eg har fått adressene.
Tusen takk til alle som var med :)

11.01.2011
Å gje tilbake
No er det min tur igjen å gje tilbake litt her i bloggverda. I februar har eg blogga i 2 år. Det har vore to svært kjekke år, der eg har fått masse inspirasjon, og mange hyggelege kommentarar.
For ca. 1,5 år sidan, då eg så smått tok til å spinna, syntest eg det var greit å ha ein blogg berre for det. Der har eg ikkje hatt noko lotteri enno, så for å gjera dette enkelt, slår eg saman begge desse lotteria.
For å vera med på dette, er det nok at du legg igjen ein kommentar på dette innlegget. Du som ikkje har blogg, er og velkomen til å vera med.
Det blir tre gevinstar, og det du kan vinna er dette:
Ein kvit strikka løpar, ca. 85 cm lang.
Tilsaman 100 gram garn som eg har spunne, ca. 364 meter. Det er to-tråds 100% merinoull.
To hekla klutar, pluss to hekla kjøleskapmagnetar.
Trekninga blir 1. februar. Vil du vera med så heng på :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)