28.04.2011

Ein blå pute

Påska og gode dagar med bestemorguten er over, så no er det tilbake til kvardagen igjen.

Etter at eg hekla nokre putar med bestemorruter, fekk eg lyst til å prøva å laga ei ny oppskrift på  heklerute. Den har eg  kombinert  med bestemorruter, med ei litt annna avslutning.

Rutene har eg så hekla saman.

På andre sida av puten har eg først hekla ei rute, og så fortsatt vidare som på ei bestemorrute.

Det var nok mykje meir arbeid med ei slik pute, men det var kjekt med litt forandring :)
Og oppskrifta? Den er ikkje kome ned på papiret enno.

19.04.2011

06.04.2011

Litt påske/vårfargar

Her er det ikkje anna nytt enn at ting har skifta fargar.

Koseleg med klutar i  påske/vårfargar.



Pynteskåler som kan fyllast med påskegodt, og pompadour som kan brukast til litt av kvart.

Kjekke småting å hekla, og som blir fort ferdige :)