24.09.2010

Småplukk


Innimellom er det kjekt å laga diverse småting som ikkje krev så mykje hodebry. Desse vart laga på eit par kveldar , med litt restegarn.


Det første her er hekla med same mønster og garn som på klutane og PC-trekka: Ei lm mellom kvar fm. Det er hekla med dobbel tråd.


Dette blå og kvite er hakka. Her og er det bomullsgarn, men enkel tråd.


Så kom eg ikkje unna Islendermønsteret. Måtte berre prøva det på dette og! :)


Til slutt ein kombinasjon mellom pjoning og hekling. Eg har aldri pjona før, men eg visste at det gjekk ut på å laga kjedemasker, og så blir mønsteret til ved enten å pjona i fremste eller bakerste maskeledd. Kjedemasker blir jo brukt i hekling. Ein brukar kjm for å avslutta ein omgang når ein heklar rundt, og ein brukar kjm for å koma seg til eit anna punkt i heklinga. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å berre pjona dette, for å prøva teknikken. Men det vart så spennande å prøva å kombinera begge teknikkane, så dermed vart det slik. Eg starta med eit brot med pjoning, deretter pjona eg nokre omg. i fremste maskeledd. Så hekla eg ei rad fm, to rader st i begge fargar, og ei rad fm igjen. Så avslutta eg slik eg starta, først med pjoning i fremste maskeledd, og deretter eit brot i pjoning (I bakre maskeledd). Synest det gjekk godt an å kombinera desse to teknikkane.

Ynskjer alle ei fin helg, og takk for alle koselege kommentarar :)

10.09.2010

Islender og pulsvottar


Kom på at eg hadde liggjande ein Islender som ikkje er i bruk lenger. Grunnen er at den vart etter kvart for kort til brukaren. Den er strikka i eit rimeleg garn frå Spar Kjøp, men eg hugsar ikkje akkurat kva det heitte. Den har vore vaska mange gongar, men er stort sett like fin.

Denne er strikka fram og tilbake frå armhola og opp. Eg brukar stort sett å gjera det, så lenge eg berre har to ulike trådar å strikka med. Eg synest det er mykje enklare og mindre tidkrevande enn å først strikka rundt, og deretter montera den.


Det er eit tidlaust mønster som er enkelt å strikka, men det fins andre variantar av det og. Kanskje nokon i bloggverda har strikka Islender i eit anna mønster som dei kan visa på bloggen sin :)


Fann ut at eg ville prøva korleis mønsteret fungerte til eit par pulsvottar. Hadde noko garn som kunne brukast, og det vart to par i omvendte fargar.


Ynskjer alle ei riktig fin helg, og tusen takk for alle koselege kommentarar :)