Viser innlegg med etiketten Hakking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hakking. Vis alle innlegg

07.05.2021

Pute i tunisisk hekling


Det er blitt ein pute i tunisisk hekling igjen. Denne gongen i eit mønster som kjem best fram med to fargar.
 

Det er og ulike fargar på kvar side, så det er enkelt å fornya puten.

Den er hekla i bomullsgarn, og er ca 30x30cm.

Så kjekt at du stakk innom :)

16.01.2021

Lita veske



Det er blitt litt tunisisk hekling igjen. Denne gongen nokre små vesker med plass til det mest nødvendige. Vil ein bruka den som strikkeveske, er det plass til eitt nøste oppi.





Dei er ca 19x14 cm, og er hekla i bomullsgarn.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

04.10.2020

Trekk til nettbrett


Det er lurt å ha eit godt trekk som beskyttar nettbrettet. Dette er laga i tunisisk hekling, og det har lukking med ein stor knapp.


Trekket er ca 25,5x19 cm utvendig mål, og det er hekla i Cotton medi.

Takk for at du stakk innom :)

15.11.2019

Skuldervesker


Det er blitt endå nokre vesker i ein kombinasjon av tunisisk hekling/hakking, og vanleg hekling.


Denne gongen blei det skuldervesker som har plass til det aller mest nødvendige.


Sjølve veska er i tunisisk hekling, og kanten øverst, hempa og skulderreima er i vanleg hekling.


Dei er ca 16,5x10,5cm, og er hekla i Cotton medi.

Takk for at du stakk innom :)

09.11.2019

Vesker i to hekleteknikkar



Det er alltid kjekt med hekling, og i desse veskene har eg brukt ein kombinasjon av tunisisk hekling/hakking, og vanleg hekling. 


Dei kan sjølvsagt brukast til litt av kvart, og dei passar og godt som strikkeveske.


Begge er hekla i Cotton medi, og dei er ca 27x17,5cm.


Takk for besøket, og god helg :)

08.03.2017

Hakking, og jammen vann eg igjen.

Så er eg tilbake til hakking igjen. Det er ein teknikk som eg aldri blir lei av.


Denne gongen blei det eit nett/skulderveske.


Det har ulike fargar på kvar side, og hanken er så lang at ein kan ha den på  skulderen.


Inni er det to lommar til ting og tang, og det er hakka i Tuva bomullsgarn.


Så var eg så heldig at eg vann enno ein gong. Denne gongen var det hos Anette som har denne kreative bloggen. Ta deg gjerne ein tur innom og sjå alt det fine ho lagar.
Eg vann denne store og gode kluten strikka i patentstrikk, og det som ligg oppå kluten er på mystisk vis borte vekk. Tusen takk Anita, for pakke med både kos og nytte :)

Og takk til deg som stakk innom :)

24.11.2015

Hakking igjen.

Dette teppet har vore eit innimellomprosjekt.


Det er hakka av strikkeplagg som hadde sett sine beste dagar.


Dette er ein spesiell teknikk innan hakking, som eg syns egnar seg godt til tepper.


Rundt kanten hekla eg ei rad med krepsemasker, som gjer ein stødig og fin kant.

Velkomen til endå ein ny følgar. Det er alltid kjekt :)


28.01.2015

Hakking

Hakking er så kjekt, og innimellom får eg alltid lyst til å laga noko i den teknikken.
Det fins og ulike teknikkar innan hakking, men dette er vel den mest  vanlege. Og eg syns den passar godt til putar. Denne er hakka i Tuva bomullsgarn.


Og sidan den kan brukast på begge sider, er det fort gjort å fornya seg. Opninga blir lukka med tre knappar.

Takk for at du stakk innom :)



31.08.2014

Pute i hakking

Hakking er så kjekt, og eg kjem alltid tilbake til det.

Her har eg hakka ein pute i vanleg hakking, men eg har brukt to fargar. Då kan ein hakka diverse mønster.

Det er så kjekt, og muleghetene er mange.

Dette er andre sida av puten, så her er det enkelt å fornya seg. 

Takk for besøket :)



11.12.2013

Hakka nåleputar

Eg hadde lyst å prøva  å laga litt mønster med vanleg hakking.
Og for at det skulle bli noko som var både nyttig og lite, blei det nåleputar.

Det var kjekt, men litt tidkrevande.

Og det skal ikkje så mykje garn til. 

Litt pynt med ein gjenbruksknapp i mitten, og ei hekla hempe viss ein vil henga den opp.


Ynskjer alle ei god førjulstid :)







01.06.2013

Litt meir hakking, og premie

Så er eg tilbake til hakking igjen.
Og eg har lært meg å hakka firkantar.
Veldig kjekt, og det blir ein fin effekt. Resultatet vart denne veska.
Stor nok til ein liten tur.
Sydde på trykknappar, så det skal gå an å lukka den.
Så er eg så heldig at eg har vunne denne praktiske veska hos Ulla-Bella. Og den er stor. 
Inni er det mange ulike lommar med plass til både strikkepinnar, og ellers det ein vil ha der av hobbyting. Så no blir det orden i sakene. Tusen takk Ulla-Bella for flott premie.

Takk for besøket, og god helg :)


20.04.2013

Pynteting

Litt pynteting kan vera greit å ha no når det vårast, og 17.mai er like om hjørnet.
Desse sløyfene har eg hakka, og med ein kant krepsemasker rundt blei dei stødige, og held godt på fasongen. Monterte strikk på dei.

Desse er litt mindre, og fekk klemmer på. Alle er hakka med likt antal masker, men det er tjukkelsen på garnet som gjer at dei blir ulike. 

Dei kan nok og brukast som tversoversløyfer, men då med eit litt anna opplegg bak. Det er ikkje heilt klart enno.

Takk for besøket, og god helg :)

16.06.2012

Kjekt med hakking

Hakking er anvendeleg til mykje, og denne gongen har eg hakka mobiletui i ulike storleikar. Dei kan nok og brukast til kamera, eller  anna ting og tang.

Med dobbelt garn blir dei tjukke og stødige, og mobilen toler ein støyt. Øverst har eg hekla ei rad med krepsemasker, som gjer ein stødig kant.

Så vart det og to sommarvesker til, lik dei eg har hakka før. Desse blir lukka med ein trykknapp.

God helg, og takk for at du stakk innom :)

19.05.2012

Veske til sommarantrekket

Det er ikkje alltid ein treng så stor veske når ein skal ut ein liten tur.

Desse kan passa fint til sommarkjolen eller sommarantrekket.

Veskene er hakka, og er lik 17. maiveskene eit par innlegg lenger ned.

Snora har eg tvinna, og den er så lang at du kan ha den på tvers over skuldra. Vil du ikkje det, kan du forkorta den ved då knyta ein enkel knute på den.

Den kan lukkast med ein kraftig trykknapp.

God helg, og tusen takk for mange positve kommentatar på voksdukresten min i forrige innlegg :) Det er kjekt når ein rest kan koma til god nytte.


04.05.2012

17. maivesker

Syns det var så kjekt å arbeida med 17. maifargar, så her er litt meir av det.

Tenkte det kunne vera praktisk å ha ei lita veske til ting og tang ein har med seg på 17. mai.

Veskene er hakka i bomullsgarn, og eg har brukt dobbel tråd. Det er lenge sidan eg har hakka no, så det var veldig kjekt å prøva det igjen.

Rosetten er same sort som eg brukar til 17. maisløyfene.

Snora er laga så lang at ein kan ha den på tvers over skuldra. Vil du ikkje det, kan du knyta ein enkel knute for å gjera den kortare.

Den kan lukkast med ein stor trykknapp.

Ynskjer alle som er innom bloggen ei fin helg :)