No har endeleg eg og prøvd å sy trekantvesker. Inspirasjonen fekk eg på
Mormonsen sin blogg. Der kan du sjå flotte trekantvesker som ho har sydd, og ei god og enkel forklaring :)
Dette er den første eg sydde, og det meste er gjenbruk. Hestemerket fann eg i syskrinet, og det var i si tid på ei bukse som eg sydde til pappaen til bestemorguten. Buksa er forlengst utslitt, men merket tok eg vare på.
Broderte på namnet til bestemorguten, så denne er det nok han som får til å ha hemmelege ting i :)
Så vart det ei til, som vart litt mindre. Den pynta eg med ein hekla snøkrystall som eg hadde.
Desse er utan for, og då eg skulle sy denne, fann eg ut at eg ville prøva å sy den med fransk saum, slik at sårkantane vart skjulte. Det fungerte bra, og dette er den eine saumen inni veska. Det er enkelt å sy slik saum: Du syr først saumane frå retta, så vrenger du den, og syr frå vranga. Dermed blir sårkanten skjult inni saumen.
Her ventar vi på våren, og håper den kjem snart :)