26.06.2009

God sommar!

No ser det ut som sommaren endeleg er komen over det meste av landet. Den kom seint , men godt, så no får vi berre nyta den medan vi kan :)
Fann ut at strikking av klutar var enkelt sommarstrikk, så eg har strikka to i Tuva bomullsgarn som er mjukt og godt.



Så vil eg sei tusen takk til Marit for denne koselege awarden som eg fekk hos henne. Eg vil dela den med alle mine bloggvener, og håper at de alle får ein fin sommar.
Sommarhelsing frå Bodil :)

21.06.2009

Spinning og baktusskjerf

No har eg og endeleg strikka meg baktusskjerf ( eller er det karius?) . Eg har strikka det av det første garnet eg spann på rokken som eg har kjøpt meg. Det er bilete av det lenger nede i innlegget. På grunn av at ikkje alt garnet var like tjukt, så brukte eg det tynnaste garnet på endane av skjerfet, og det tjukkaste i mitten. Det fungerte faktisk bra.
Etter først å ha kjøpt meg handtein og prøvd meg litt på det, så gjekk eg på spinnekurs for spinning på rokk, og det var jo kjempekjekt :) Eg har vel fått litt dilla på det, så det blir nok litt spinning framover.


Fann ikkje rette modellen til skjerfet, så eg måtte ta det eg fann!


Her er det første garnet eg spann på rokken , og som eg strikka skjerfet av. Det er ca. 100 gram.


Her er rokken som eg har kjøpt, og som eg er svært fornøgd med.


Her er litt garn som eg har spunne på handtein.

15.06.2009

Engelsk broderi

Her har eg brodert to putar i engelsk broderi. Det er ein gamal broderiteknikk som vart mykje brukt før. Den vart brukt mykje på putetrekk, dukar og liknande. Den består av plattsaum, knutar, kontursting eller stilkesting som det og vert kalla, og holsaum der ein først tråklar rundt holet som ein skal brodera, så klipper ein hol, og deretter syr ein rundt med tette små sting. Plattsaumen består av to lag. Først fyller ein alle blada eine vegen, så syr ein plattsaum over den andre vegen. Dermed blir plattsaumen som små opphøya "putar". Ein brukar og diverse tjukkelsar på tråden til dei ulike delane.
Har ikkje bestemt meg enno om eg skal leggja dei ut for sal, men tenkte at eg likevel kan visa dei her i bloggen.













03.06.2009

Kuvertbrikker

Hekla desse kuvertbrikkene for nokre år sidan. Eg likte så godt mønsteret, så eg fann ut at eg ville visa dei her på bloggen. Mønsteret står i Familien nr. 26 - 05. Der er mønsteret hekla som ein løpar, og så er det laga frynser i endane. Eg kutta ut frynsene og sydde små perler på endane.


Her er kuvertbrikka.


Her ser de eg har sydd små perler på endane.

01.06.2009

Blonder

Fann oppskrift i Familien nr. 5 / 2. mars på strikka blonder. Som regel er dei jo hekla, så det fekk eg lyst til å prøva. Dei eg har strikka er til mellomverk.


Som de ser, så har eg strikka den eine sorten i ulike fargar og ulik bredde. Har og brukt ulike garnsortar. Det er eigentleg berre eit prøveprosjekt for å sjå kva eg likar, og kva eg kan bruka dei til.


Har fått denne awarden frå Stubbetufsa. Det var koseleg, og det set eg stor pris på :) Eg vil gje den vidare til alle som er innom sida mi, fordi eg synest de viser så stor skaparglede , og eg får så mykje inspirasjon når eg er innom bloggane dykkar. Ein kommentar frå ein av dykk, er som ein award for meg.

Eg visste lite om denne bloggverda før eg fekk min eigen blogg, men det som slår meg er at her er det berre snille, hjelpsame, kjekke og hyggjelege menneske :) Tusen takk for alle koselege kommentarar.