26.01.2019

Enkel vest


Eg har strikka nokre enkle vestar i rillestrikk og glattstrikk til babyar. 


Og her går det godt an å finna fram restegarn til striper.


Dei er ca 0-3mnd, og 3-6mnd, og er strikka i babyull på pinnar nr 3.


Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for besøket, og god helg :)

12.01.2019

Babyteppe i holstrikk


Det er blitt endå eit babyteppe. Det er strikka i Drops babymerino på pinnar nr 3.


Dette er koseleg strikk som til slutt varmar ein liten kropp. Har du lyst å strikka eit slikt, har eg laga oppskrift. Den finn du her.

Takk for besøket, og god helg :)


04.01.2019

Bestemorplagg


Det blei ein Harry Potter-gensar til bestemorguten. Den er strikka i superwashgarn på pinnar nr 4. 


Det er mi eiga oppskrift med raglanfelling, og enkel ribbestrikk.


Så blei det eit sett med vottar og hue med Samojedmønster, til ein som er så glad i onkel sin hund. Det er Jorid Linvik sitt design, som du finn her. Dei er strikka i Flora.


Og til dusken hadde eg litt garn som var spunne av ca 50/50%  Samojedull/vanleg ull. Så tova eg dusken litt i tørketrommelen, til den blei litt meir ullete.



Og det blei eit sjølvkomponert sett til bestemorjenta. Det er strikka i Senjagarn.

Takk for at du tek deg tid til å stikka innom. Det blir sett stor pris på. Ynskjer deg eit kreativt og godt nytt år :)