28.01.2015

Hakking

Hakking er så kjekt, og innimellom får eg alltid lyst til å laga noko i den teknikken.
Det fins og ulike teknikkar innan hakking, men dette er vel den mest  vanlege. Og eg syns den passar godt til putar. Denne er hakka i Tuva bomullsgarn.


Og sidan den kan brukast på begge sider, er det fort gjort å fornya seg. Opninga blir lukka med tre knappar.

Takk for at du stakk innom :)



21.01.2015

Toving

Av smårestar med diverse ullgarn har eg hekla desse gryteunderlaga.

Dei er hekla som bestemorruter.

Og dei blei godt tova.

Garn tovar ulikt, så dei fekk ulik struktur.


Det var greit å få brukt smårestar som ikkje var til stort anna.

Takk for besøket, og ha ein fin kveld :)


15.01.2015

Tubehals

Eg hadde fire nøster i eit garn som heiter Mitu. Det er 50/50, ull/alpakka.
Det fekk eg to tubehalsar av.

Dei kan jo og brukast som vanleg hals.

Det var eit veldig godt garn å strikka av, og halsane blei mjuke og gode.

Og det er vel enno bruk for slike halsar ei god stund framover.

Etter at eg la ut innlegget, har eg fått spørsmål om kva oppskrift eg har brukt. Gløymde å skriva at det er mi eiga oppskrift.  Her er den:

Legg opp 90 m på p. nr. 5
På begge to startar du med 1 omg vr - 1 omg r - 1 omg vr - 1 omg r
Tubehals med spiralmønster: strikk 3 r og 2 vr. Så må ein forskyva mønsteret med 1 m på kvar omg. slik at ein får spiralmønsteret. Strikk den så lang du vil, og avslutt slik du starta.
Tubehals med holrader: strikk 2 r sm - k, ut omg. Strikk 1 omg r. Strikk dei 4 første omg mellom kvar holrad. Strikk den så lang du vil, og avslutt slik du starta.
Vask dei ferdige halsane, og strekk dei i lengderetninga.
Håper det var forståeleg.
Oppskrifta er til privat bruk.

Takk for besøket :)



06.01.2015

Eit nytt handarbeidsår

Først vil eg ynskja alle som er innom eit godt nytt år. Takk for masse inspirasjon, og mange koselege kommentarar i året som var.

Til jul strikka eg ein traktorgensar til bestemorguten. Det er mi eiga oppskrift, og denne gongen ser eg at han har litt å veksa i.


Eg valde å ha mønsteret nederst, for eg tenkte at den som brukar plagget kanskje ser det bedre då.


Og raglanfelling gjer alltid ei god passform. Garnet eg har brukt er Smart.

Ynskjer deg eit kreativt handarbeidsår :)