28.11.2020

Raggsokkar

 

Heilt vanlege raggsokkar er populært, så no har eg strikka opp nokre par til herre. Dei er strikka i Viking raggsokkegarn, som er eit mjukt og godt garn.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

21.11.2020

Hekla nett

 


Det er kjekt å finna ulike måtar å setja saman bestemorruter. Denne gongen blei det eit nett. Det er ca 30x24 cm, og er hekla i Cotton medi.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)

11.11.2020

Engleteppe

 

Alle babyar treng tepper, og det er alltid ei fin gåve å gje bort. Dette teppet blei fullt av englar.  



Det er strikka i babyull på pinnar nr 3, og oppskrifta finn du her.

Takk for at du stakk innom :)

02.11.2020

Konvoluttclutch

 


Det er blitt eit par konvoluttclutch i tunisisk hekling. Dei har plass til det aller mest nødvendige, og kan også brukast til anna ting og tang.

Dei er hekla i bomullsgarn, og eg sydde på ein trykknapp til lukking. Og dei er ca 17,5x11 cm. 

Takk for at du stakk innom :)