31.08.2021

Hekla veske


Det er blitt endå ei veske. Denne har rund form, og har fått både knyting og hank. Den er hekla i bomullsgarn, og er ca 30x22x85(hank) cm.

Takk for besøket :)

22.08.2021

Hekla veske


Ein ny ide til veske dukka opp. Den er hekla i eit mønster som lagar ein trekkspeleffekt. Det er derfor plass til meir i den enn det kan sjå ut som.

I tillegg har eg hekla inn ein sirkel i begge endane, noko som gjer den endå meir romsleg. Den er veldig praktisk som strikkeveske, men kan sjølvsagt brukast til anna ting og tang. 

Den er hekla i bomullsgarn, og er ca 24x20cm. Og sirkelen er ca 10 cm.

Så kjekt at du stakk innom :)

16.08.2021

Lommekjole



Det var gøy å strikka kjole med lommar. Eg har brukt Drops cotton merino, 50% ull, og 50% bomull. Den grøne kjolen er til ca 1 år.


Og den rosa til ca 2 år. Oppskrifta har eg lagt ut her.

Så kjekt at du stakk innom :)

06.08.2021

T-skjorter i bomull



Det er blitt nokre enkle T-skjorter med rullekantar og striper.


Dei er til ca 1(2) år, og er strikka i 8/4 bomullsgarn. Oppskrifta finn du her.

Så kjekt at du stakk innom :)