27.10.2018

Barnekjole med hjarter


Eg har strikka nokre barnekjolar med hjartemønster.


Denne er til bestemorjenta :) Kanskje den passar til jul. 


Dei er strikka i Drops babymerino, og eg har pynta dei med fine knappar. Eg har og laga oppskrift, og den finn du her.

Takk for besøket, og god helg :)

19.10.2018

Shetland triangle shawl


Sjalet som eg skreiv om i eit tidlegare innlegg, er forlengst ferdig. Det tok berre litt tid å få det klargjort til bloggen.


Det er strikka i eit dansk garn som heiter Skive garn, og som inneheld 65% ull, og 35% silke, og det er 540m/100g.


Eg prøvde å bruka så mykje av garnet som eg kunne, så eg har igjen kun 5g.


Oppskrifta har eg i ei bok, men eg fann den her og.


Det kan sjå ut som eit vanskeleg mønster, men det er det absolutt ikkje.


I dette innlegget lovde eg å visa sjalet på blokkematta. Den var litt for lita, men sjalet er ganske stort. Eg la blokkematta oppå ei madrass, så det fungerte fint. Men det blei dårlege bilder på eit mørkt soverom. 


Sjalet er overlevert, og det fall i god smak.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)


06.10.2018

Restegarngensar


Det blei ein restegarngensar av garnet som var igjen etter begge lingensarane. Det er same oppskrift, men ulik hals på alle tre. 


Garnet er Drops sitt bomull/lingarn, og det er veldig svalt og godt å gå med når det er for varmt med ullgensar.

Takk for at du stakk innom, og god helg :)