25.09.2009

Julegåver?

Det er vel kanskje litt tidleg å tenkja på det enno, men her har eg strikka tre handkle til, og to av dei i julefarge. Prisen er 140 kr. for eit. Kjøper du to er prisen 250 kroner.

Elles så har eg diverse andre ting som eg sel her i bloggen.
Isskrapevottar
Hakka gryteklutar
Diverse hekling, strikking og broderi. Du finn dei under kategorier på venstre side i bloggen.

19.09.2009

Strikka handkle og pute

Har strikka desse handkleda i tradisjonelt mønster. Mønsteret fann eg i Alt om håndarbeid, nr. 10, frå oktober 1981. Regnar med at det er fleire som har desse blada.


Har hekla solide hemper på begge sidene, då det som regel er hempene som ryk først.


Har ferdig desse tre no. To av dei er ca. 47 x 33. Det eine er ca. 45 x 35. Sel dei for 140 kr pr. stykk.



Det eine handkleet som eg strikka i eit anna mønster, vart til ein pute. Syntest mønsteret passa så godt til det. Det er og mønster til eit handkle som er hekla der.

Award

Denne awarden har eg fått to gongar i det siste. Eg har fått den hos Jorids Bestemorsblogg, og hos Bodilmors stue. To bloggar som er vel vert eit besøk, og som har mange flotte innlegg. Det er link til dei her og her.


Med denne awarden er det og ei utfordring, der ein skal skriva ned 10 ting om seg sjølv. Veit no ikkje kor interessant det kan vera, men her er dei.
Høyrer gjerne på musikk.
Likar og stillheten.
Held alltid på med eit handarbeid.
Set stor pris på alle bloggvener som eg har fått.
Kan vel sei at blogging er ein ny hobby eg har fått.
Det er spinning og.
Likar ikkje bruk og kast.
Likar å lesa, men eg lurer på å gå over til lydbøker, for det er blitt lite lesing etter at eg tok til med blogging!
Har 4 barn.
Er i full jobb.
Eg ser at det er svært mange som har fått denne awarden, så dersom du ikkje har fått den, så ta den gjerne med deg dersom du ønskjer det. Den er deg vel unt, for vi har alle noko å bidra med i bloggverda.

03.09.2009

Pyntehandkle

Har gjort ferdig eit pyntehandkle i engelsk broderi. Det er eit gamalt mønster, som eg syntest passa godt til det.






Viser med det same eit som eg har brodert i hardangersaum.
Eg synest det er koseleg å ha pyntehandkle på kjøkkenet, og det er kjekt å brodera ulike slag. Så til jul og påske har eg pyntehandkle med jule- og påskemotiv.