24.06.2011

Tekanneskjerf

For å halda teen varm på tekanna, har eg ganske enkelt strikka eit tekanneskjerf i ull. Brukte to ulike fargar, så det vart ein melert effekt. Knappane er gjenbruk.

La opp eit passeleg antal masker, og strikka to rett, og to vrang. Hugs at det trekkjer seg litt saman, så legg gjerne opp nokre ekstra masker så det blir breitt nok. Strikk og inn så mange knapphol som du vil ha.

Strikka inn eit passeleg  hol til tuten. Prøv det på undeveis, for å sjå kor langt du treng det. 

Når det var ferdig, tredde eg det gjennom hanken, og knappa det igjen.

God helg alle saman :)

12.06.2011

Endå ein rund pute

Då har eg hekla ein rund pute til, men denne gongen i rosa og kvit.

Denne og har omvendte fargar, og kan brukast på begge sider.

Både den rosa og den blå er lagt ut på Epla.


Ynskjer alle som er innom bloggen min, ei riktig fin pinsehelg :)

07.06.2011

Ein rund pute

Etter ein del prøving og feiling har eg hekla ein rund pute.

Den kan brukast på begge sider, og har omvendte fargar.

Eg tok utgangspunkt i blomsten som eg hekla på denne puten. Istadenfor å hekla ein firkant rundt, hekla eg ein runding.

Dermed hadde eg utgangspunkt til ein rund pute.

Den blir nok lagt ut på Epla med det første.

Så vil eg takka for alle koselege kommentarar som eg har fått. Eg set  stor pris på dei, og synest det er så kjekt at vi kan vera til inspirasjon for kvarandre :)