24.01.2018

Babyteppe med blondekant


Eg har strikka eit teppe som eg har laga oppskrift på. Det er strikka i Babypanda på pinnar nr 3. 


Det er rillestrikk på mitten, og eit holmønster rundt heile teppet. Oppskrifta finn du her på Strikkoteket. 

Ta gjerne ein titt i alle dei flotte butikkane her.

Takk for besøket :)


14.01.2018

Vaskevott



Det var tomt for vaskevottar, så eg har strikka nokre fleire. Dei er strikka i rillestrikk med dobbelt bomullsgarn i to ulike fargar. Har og hekla ei hempe for oppheng.


Dei er gode å bruka både i dusjen og ellers.


Og dei kan vaskast på 60 grader. 


Ha ein fin søndag :)

03.01.2018

Minecraftgensar



Eg har forstått at Minecraft er eit populært spel hos bestemorguten. Så før jul fekk eg ein ide at eg  kanskje eg kunne strikka ein Minecraftgensar til han. 


Eg hadde litt garn i Karisma, pluss eg fann diverse restar til mønsterbordane. 


Resultatet blei denne gensaren, og den kan brukast begge vegar.


Den fall heldigvis i smak, og blei brukt  kvar dag i jula.

Ynskjer deg eit kreativt og nytt bloggår :)