30.04.2014

Mariuspuls og 17.mai

17.mai kan vera både sur og kald, så eg tenkte at eg kunne slå saman 17.mai og Marius.

Resultatet vart pulsvottar med Mariusbordar i 17.maifargar.

Enkle, men varme og gode viss været blir surt. Dei er strikka i Østlandsgarn, i to ulike str.

Takk for besøket :)

26.04.2014

Gåvepose

Av ein stoffrest frå Ikea sydde eg denne posen til bestemorguten.
Og  brukte den som gåvepose til bursdagen hans.
Kanskje den og kan brukast til hemmelege ting, og til diverse han vil ha med seg på ferie.
Og her er han i farta på tur i skogen.
Og ser utfordringar i det meste.

God helg, og velkomen til ny følgar :)

04.04.2014

To putar i ein.

Eg har hekla ein enkel pute i halvstavar. 
Den har  ulike fargar på kvar side, så det er fort gjort å fornya den.

Eg syns halvstavar er fint, og det blir eit stødigare og tettare resultat enn stavar.

Og eg har hekla snorer til lukking.

Velkomen til nye følgarar, og god helg :)